Hopp til innhold

Heile laget fekk fiaskoprisen

Førde sine 11 startande i kvalifiseringskampen mot Åskollen fekk laurdag årets fiaskopris.

Ole Henrik Gulliksen

Ole Henrik Gulliksen heldt målet reint på heimebane mot Åskollen. I Drammen vart det derimot åtte baklengs.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde vann 2-0 heime mot drammensarane , men snubla fullstending på bortebane og tapte 1-8 i returoppgjeret i Drammen. Utdelinga av fiaskoprisen, var av det kuriøse slaget og vart delt ut av spelarane Are Gunnar Korsvoll og Steinar Tenden. Tenden starta sjølv oppgjeret mot Åskollen.

- Det var humoristisk meint, men det er fortent. Når du taper 1-8 så er det ikkje mykje å skryte av, ler siste skansen, og mannen som i Drammen hadde det travelt med å hente ballar ut frå nettet, Ole Henrik Gulliksen.

- Må lære

- Tapet sit framleis litt i. Men ein kan ikkje gå rundt å grine over det. Det har berre gjort oss meir revansjelystne. Vi må berre lære av det, seier Gulliksen.

Bernt Norevik

Bernt Norevik kåra til årets unge spelar.

Foto: NRK

Krinsmeistrane i 3. divisjon hadde sin fotballfest på Sunnfjord Hotell laurdag med alle typar kåringar og prisar for sine fire seniorlag. Årets unge spelar gjekk til midtbanetalentet Bernt Norevik.

Dobbel Tenden

Steinar Tenden vart for andre året på rad kåra til årets spelar for krinsmeistrane i 3. divisjon. Same Tenden måtte sjå seg slått med eitt mål av bror Asbjørn (Stryn) og Preben Strypet (Årdal) i kampen om toppscorartittelen i divisjonen.

I ein sesong der han også passerte 50 spelte kampar for klubben, var 30-åringen derimot eit godt hestehovud føre Sander Solvik i kampen om toppscorarstatusen i Førde. Solvik scora ti mål og fekk innsatsprisen under fotballfesten.

Damelaget

På damelaget fekk Linda Saltskår pris for årets spelar og årets toppscorar. Karina Leirpoll vart årets unge spelar, medan Marte Holsen Kyte fekk innsatsprisen.