Hopp til innhold

Trur bortebane kan bli fordel

Kenneth Dokken har stor tru på at Birkebeineren kan ha fordelar av å spele på Førde stadion i den siste kvalikkampen for 2. divisjon.

Kenneth Dokken

GLER SEG: Kenneth Dokken ser fram til kvlikkampane mot Førde, og trur Birkebeineren kan ha minst like stor fordel som Førde av å spele den avgjerande returkampen på Førde stadion.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Birkebeiner-trenar Kenneth Dokken trur eit engasjert heimepublikum i Førde kan vere ein fordel for drammensarane.

Hundrevis av tilskodarar på Førde stadion kan nemleg også vere ein inspirasjon for bortelaget, meiner trenar Kenneth Dokken.

- Denne typen kampar er det ikkje ofte ein opplever i 3. divisjon. Det kan frigje ekstra energi for mine spelarar, seier han.

- Eg trur det er så små marginar i den typen kampar, at det ikkje er avgjerande kven som har heime og borte først. Det blir nok styrkeforholdet som avgjer dette, tippar trenaren.

Samlar informasjon

Det vart i helga klart at Førde og Buskerud-laget Birkebeineren skal gjere opp om plassen i neste års 2. divisjon.

No jobbar klubbane med å førebu seg til helgas første av to kvalikkampar i Drammen - begge klubbane baserer seg på rapportar frå ulike kjelder som kjenner laga godt.

- Vi har hatt ein del folk som har sett Birkebeineren og samla info om korleis dei spelar og om spelarar vi skal vere obs på, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

Les óg: Førde vann serien

Hundrevis av tilskodarar

Laga skal spele på kunstgras i den første kampen i Drammen. Etter planen skal returkampen gå på gras i Førde.

Folland reknar med at Birkebeineren vil satse hardt på ein solid siger på heimebane. Han trur Førde sjølv vil ha størst fordel av å spele heime til slutt.

Han viser til at Førde i år har hatt om lag 400 tilskodarar i snitt på kampane sine.

- Korleis Birkebeineren responderer på det, veit eg ikkje. Men vi responderer iallfall bra, seier Folland.

- Er de gode nok i år?

- Ja, det meiner eg.