Hopp til innhold

Forbundet set foten ned

Sogndal må klare seg med det mannskapet dei har på bortekampen i helga.

Harald Aabrekk

Trenar Harald Aabrekk forstår ikkje kvifor han ikkje får bruke spelarar frå 2.laget til Sogndal.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Fotballforbundet har sett ned foten for at Sogndal fotball kan bruke spelarar frå 2.laget i kampen mot Sandnes Ulf i helga.

Trenar Harald Aabrekk seier til Sogn avis at han ikkje forstår regelverket som forbundet viser til.

Fotballaget har berre 12 disponible spelarar, og Aabrekk seier situasjonen er prekær.

Han vel likevel å håpe på siger på bortebane.