Hopp til innhold

Har berre 12 spelarar klare

Sogndal er i dialog med fotballforbundet for å sjå på løysingar, då berre 12 av klubbens spelarar er disponible til kampen mot Sandnes Ulf.

Harald Aabrekk

UTFORDRING: Harald Aabrekk har berre 12 spelarar å velje i framfor søndagens bortekamp i 1. divisjon.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal slit tungt med å stable på beina eit slagkraftig lag til bortekampen mot Sandnes Ulf på søndag.

Sjukdom og skader i troppen

Sjekk denne skadelista: Tommy Øren, Ulrik Flo, Thomas Ness, Harald Stormoen, Håvard Flo, Joakim Rudolfsen og Eivind Daniel Røed er alle uaktuelle til kampen.

Lars Grorud og Henrik Furebotn har ikkje trent denne veka, men den sportslege leiinga i Sogndal håpar å få dei klare til søndag, skriv sogndalfotball.no.

- Situasjonen er per i dag at vi har ein del sjukdom og skader i troppen. Berre 12 spelarar er disponible til kampen på søndag, seier dagleg leiar Egil Mundal.

Håpar på siger og tre poeng

Sogndal har vore i kontakt med Norges Fotballforbund for å finne ut kva som er praksis i slike situasjonar. Men klubben har ikkje noko val: Kampen skal ifølgje regelverket spelast med dei som er tilgjengelege.

- Vi får pøse på med juniorspelarar frå eigen stall, dersom det blir naudsynt, seier Mundal.

- Korleis er sjansane for siger?

- Dette løyser vi på ein sporty måte. Vi skal stille med elleve mann - og kvar gong vi gjer det, har vi forventingar om tre poeng, seier Mundal.