Hopp til innhold

Drøymer om tre fjordbruer - men det vil koste mange milliardar

Vil det i framtida vere slutt på lange ferjekøar, irriterte bilistar og sveler langs nær heile Sognefjorden? Det kan bli resultatet dersom alle bruplanane går i boks.

Ferjestrekningar i Sogn - kart

FERJE KAN BLI BRU: Desse tre ferjestrekningane kan om ein del år vere erstatta med bru.

Foto: NRK

Arbeidet med å tenkje nye og framtidsretta vegprosjekt er no i full gang over heile landet, og målet for alle aktørane er Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2018 til 2027.

I Sogn og Fjordane vil det vere stort fokus særleg på E39, riksveg 5 gjennom Sogn og det som no er riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Sistnemnde er lansert som ein av to nye stamvegar mellom aust og vest.

Men draumen til mange er å få realisert bru heile tre stader langs og tvers over Sognefjorden.

1. Bruavløysing for ferjesambandet E39 Lavik–Oppedal:

Utkast til mogleg bru over Sognefjorden

LANG BRU: Ei bru over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal blir eit gigantisk prosjekt.

Foto: Statens vegvesen

Prislapp: Minst 7 milliardar

Statens vegvesen ønskjer å realisere verdas lengste fjordkryssing på 3,7 kilometer. Ingeniørar er alt i gang med å tenke nye tankar for korleis dette skal kunne gjennomførast reint praktisk. Dette vil vere den vanskelegaste og mest avanserte delen av ein ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim.

2. Bruavløysing for ferjesambandet riksveg 5 Mannheller–Fodnes:

Bilferja Lote og Mannheller ferjekai

KAN FORSVINNE: Ferjesambandet Mannheller–Fodnes kan vere historie om nokre år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Prislapp: Ukjend

Førre veke presenterte Statens vegvesen ei framtidig løysing for Indre Sogn som kom overraskande på mange, ei lang bru til erstatning for ferja Mannheller–Fodnes. Prislappen er førebels ukjend, og saka skal gå mange rundar før prosjektet kan hamne i NTP. Brua blir då ein krumtapp i satsinga på aksen Møre–Austlandet via Hemsedal.

3. Bruavløysing for ferjesambandet fylkesveg 55 Dragsvik–Hella:

Hella ferjekai

DRØYMER OM BRU: Politikarar og næringsliv i midtre Sogn vonar på bru mellom Dragsvik og Hella.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Prislapp: Minst 3 milliardar

Fylkesveg/riksveg 55 frå Vadheim til Skjolden har falle i bakevja dei siste tiåra, men har framleis ein viktig funksjon som tilførselsveg for trafikk både til E39 og riksveg 5 og E16. Draumen til politikarane i Midtre Sogn er at det skal kome ei bru til erstatning for ferjestrekninga Dragsvik–Hella.

– Først ønskjer vi å få plass føreseielege ferjeavgangar, og når vi vonleg får det på plass, så er det klart at vi dreg planane om ei bruløysing, seier ordførar i Balestrand, Harald Offerdal.