Hopp til innhold

Ferjefri Fjærlandsfjord vil koste tre milliardar kroner

Hengjebru på 1 400 meter og tunnel på 1,6 kilometer på leikangersida må til om Fjærlandsfjorden skal kunne kryssast utan ferje.

Ferjesambandet Dragsvik - Hella

FERJEFRITT: Bru over Fjærlandsfjorden vil knyte indre, midtre og ytre Sogn saman. Utrekningar gjort av Statens vegvesen viser at prosjektet vil kome på kring tre milliardar kroner.

Foto: Kart: Google Maps

I dag må vegfarande nytte seg av ferjesambandet Hella–Dragsvik om dei skal over fjordarmen om lag midt på Sognefjorden.

Men kommunane på begge sider av Fjærlandsfjorden, Balestrand og Leikanger, har bede Statens vegvesen vurdere kostnadene for ei ferjefri fjordkryssing, skriv Sogn Avis.

– Det kan sikkert tenkast mange andre løysingar, men ikkje som gir kortare bru. Truleg blir det heller ikkje rimelegare, meiner sjefsingeniør i Statens vegvesen, Olav Svangstu, til NRK.no.

– Politisk spørsmål

I tillegg til bru og tunnel, skriv avisa at landbru frå Veganeset med kopling til rundkøyringa på Dragsvik må til for å få til brukoplinga på riksveg 55. Brua vil komme inn over land i ei høgd på 55 meter.

Svangstu vil ikkje vurdere realiteten i planane.

– Det er eit politisk spørsmål, seier han til NRK.no.

Meir ferjefri

Ferjefri kryssing av fjordar er i vinden som aldri før i Sogn og Fjordane. Også i ytre delar av Sogn er det ynskjeleg med bru over Sognefjorden.

I Fjaler og Askvoll er dei allereie i gang med sambandet over Dalsfjorden, medan ferjefri fjordkryssing er ynskt i indre, midtre og ytre Nordfjord.

I Nordfjord er det indre og midtre alternativ til ferjefri E39 over Nordfjorden, medan kystkommunar i Sunnfjord og Nordfjord ynskjer ferjefritt samband mellom Måløy og Florø .