Hopp til innhold

Vil berre vurdere Lavik-Oppedal

Samferdselsdepartementet har bestemt seg for berre å greie ut Lavik–Oppedal som alternativ for ferjefri kryssing av Sognefjorden.

Utkast til mogleg bru over Sognefjorden

KRYSSING AV SOGNEFJORDEN: Samferdsledepartementet ynskjer berre å få greidd ut Lavik–Oppedal som alternativ for ferjefri kyssing av Sognefjorden.

Foto: Statens vegvesen

Tidlegare har fylkestinget og kommunane langs kysten bede om at det også blir vurdert ei ytre kryssing av Sognefjorden.

Har ikkje gitt opp

Men trass tydelege signal frå departementet, ikkje alle har gitt opp.

– Vi ynskjer å få vurdert eit alternativ med bru til Solund og tunnel vidare til andre sida.

– Det meiner eg framleis er mogleg å få til, sjølv om dette ikkje er nemnt i bestillingsdokumentet frå Samferdsledepartementet, seier Frank Willy Djuvik, som er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Det vil koste rundt 100 milliardar kroner å gjere E39 ferjefri mellom Kristiansand og Trondheim. Målet er at dette skal stå ferdig innan 2025.

Statens vegvesen har tidlegare gjennomført eit prosjekt som syner korleis Sognefjorden kan kryssast med bru Lavik–Oppedal.

(Teksten held fram under biletet)

Moglege bruløysingar over Sognefjorden

FLEIRE ALTERNATIV: Moglege bruløysingar over Sognefjorden.

Foto: Statens vegvesen

– Positivt

– Det er svært gledeleg at ein allereie no får gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) med tanke på at dette skal inn i Nasjonal Transportplan i perioden 2018–2027, seier Djuvik.

Djuvik meiner det syner at regjeringa har ein ambisjon om å få realisert ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim i løpet av dei neste 12–13 åra.

Frank Willy Djuvik

VIL HA KRYSSING VIA SOLUND: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er veldig positivt for Sognefjorden har vore det prosjektet alle har vore samde om å vente med til slutt.

– Det er realistisk

Men når Samferdsledepartementet no vil ha ei utgreiing av ulike alternativ for ferjefri kryssing av Sognefjorden, gjeld det berre mellom Lavik og Oppedal.

Alternativet som fylkeskommunen ynskjer, med ytre kryssing, er ikkje nemnt. Djuvik meiner likevel at slaget om ytre kryssing ikkje er tapt.

– Det er fullt realistisk. Ein KVU-prosess er ei langsiktig øving som byrjar med ein idedugnad der ein ser på dei ulike alternativa.

– Ytre kryssing var allereie i 1991 alternativ i stamvegutgreiinga, og eg har stor tru på ein skal greie å løfte det inn igjen no også som eit alternativ.