Hopp til innhold

Denne ferja kan bli erstatta med bru

Statens vegvesen gjer framlegg om å byggje ei bru som skal erstatte ferjesambandet Mannheller - Fodnes.

Stryn trafikkerer Mannheller - Fodnes

BRU: Ferjesambandet Mannheller - Fodnes kan i framtida bli erstatta av ei bru.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Statens vegvesen meiner at riksveg 52 over Hemsedal er det mest framtidsretta alternativet mellom Oslo og Bergen ved sidan av E134.

I tillegg blir det føreslått ei bru over Mannheller - Fodnes.

Lars Aksnes

VEGDIREKTØR: Lars Aksnes overrekte utgreiinga til samferdsleministeren.

Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen

– Dette gir raskare samband mellom Oslo og Bergen og opnar samstundes for utvikling mot Sogn og Fjordane og Sunnmøre, seier vegdirektør Lars Aksnes.

Overleverte utgreiing

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) fekk i dag overlevert Statens vegvesen si eiga utgreiing for stamvegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet.

I tillegg til Hemsedal, ynskjer etaten at også Haukeli skal vere ein framtidig hovudfartsåre aust-vest. Aksnes seier utgreiinga har fokus på dei nasjonale oppgåvene.

– Desse to hovudvegsambanda tener ulike område. Saman gir dei mindre sårbarheit og større pålitelegheit, seier Aksnes.

Nye KVU'ar

E134 får høgast prioritet. Utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen, vil E134 kunne tene heile området mellom desse byane.

Vegdirektøren seier dei ynskjer utbygging av vegen på heile strekkja mellom Drammen og Haugesund. Her skal det gjennomførast ei konseptutvalutgreiing (KVU).

– Vi må gjere mange små og store tiltak for å sikre god og vintersikker trafikk på dei ulike fjellovergangane mellom Aust og Vest. For å få ein langsiktig akseptabel situasjon er det behov for større utbyggingar, seier Aksnes.

Saka blir oppdatert.