For tre år sidan kunne ho knapt gå

Ryggmergsbrokk, 24 operasjonar, svulst, høgt kolesterol og sosial isolasjon: Malin Frøyen Bergset måtte svært langt ned før trening og disiplin førte ho tilbake til livet.

Malin Frøyen Bergset

I TRAPPENE: Turløypa med trapper går langs røyrgata som vart bygd i 1916 då industrieventyret i Høyanger starta. No er den stupbratte løypa ingen problem for Malin Frøyen Bergset, men at ho skulle stå slik var utenkeleg for tre år sidan.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Eirik Hildal
Journalist

– Eg har vel eigentleg vore til helvete og tilbake mange gonger. Dei sa at eg mest sannsynleg kom til å hamne i rullestol til slutt.

«Dei» er legane og det medisinske personellet som behandla Frøyen Bergset. Den dårlege helsetilstanden gjekk ut over alt i livet til 48-åringen frå Høyanger

– Eg var isolert, for meg sjølv, inne i ei boble. Eg sov ikkje om natta og kvidde meg til å stå opp om morgonen. Det var anten inn på sofaen og liggje der resten av dagen, eller inn å liggje på sjukehus og få smertebehandling, seier Frøyen Bergset, som fortel historia si på Sommeråpent klokka 21.30 på NRK1.

Fjellturen og blodprøvane som endra alt

Vendepunktet kom for tre år sidan, sommaren 2012. Mannen hennar ville ha ho med på ein fjelltur. Ho hadde ikkje lyst. Redd for smertene, redd for humøret. Det blei tur.

– Det kjendest som Mount Everest. Eg har aldri slite slik i heile mitt liv. Eg grein, var fortvila og kjefta på mannen min. Medan eg gjekk der tenkte eg: «Det er greitt at eg har helseproblem. Men at eg er i så dårleg form er faktisk min eigen feil. Livsstilen min er skuld i det.»

Ho gjekk til lege kort tid etter. Blodprøvane viste høgt kolesterol og fleire andre ting ho har gløymd i dag. Det var det: Ho bestemte seg for å ta grep.

Malin Frøyen Bergset

PÅ TUR: Det har blitt mange turar i gater, løyper og fjell rundt heimstaden Høyanger som du ser i bakgrunnen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eit totalt forandra liv

I fjor haust gjennomførte ho Oslo Maraton. Snart kjem maraton nummer to, som heidersgjest på Møkster Maraton på eit lita øy i Austevoll kommune.

Vegen dit har vore svært lang og svært tung. Spesielt dei første månadane, då treninga bestod i turar rundt kvartalet.

– Etter kvart auka eg på. Eg sprang frå lyktestolpe til lyktestolpe. Åh, eg var redd for at nokon skulle sjå, ler Frøyen Bergset.

Men litt etter litt fekk jobbinga positive helseeffektar. I dag er livet fullstendig endra. Med eigne ord er ho sprekare no enn nokon gong.

– Viljestyrke er ein muskel du må trene

Å snakke om denne reisa gir Frøyen Bergset ein klump i halsen. Støtten frå mannen, dei tre borna, vener og vilt framande på Facebook-gruppa «Veien mot den ultimate styrkeprøven» har betydd alt. Gledestårene er sjeldan langt unna.

– Det er så personleg og veldig kjensleladd. Eg tenkjer veldig på korleis eg hadde det og er utruleg takksam for korleis eg har det no. Eg søv heile natta, står opp om morgonen, smiler og er blid. Eg har blitt sosial og fått mange vener.

– Kva kan di historie fortelje til andre som har det tøft?

– Har du prøvd mange gonger, er det berre å prøve igjen. Det kan vere på det eine forsøket det går bra. Ein annan ting er at ein må få inn rutinar, ha sjølvdisiplin, og trene på viljestyrke. Viljestyrke er akkurat som ein muskel du må trene.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.