Hopp til innhold

Slik tok Høyanger mot sommarbåten

I dag var det høyangringane sin tur, og dei følgde eksempelet frå Florø og Sogndal og tok imot Sommarbåten både til lands og sjøs.

Sommerbåten Høyanger
Foto: Alf Vidar Snæland

Med eit svært varierande vêr utover ettermiddagen og ein sommarbåt som var litt tidleg ute i forhold til ruteplanen, slik han var i Sogndal, fyltest kaien opp i siste liten i Høyanger.

I den tradisjonsrike industribygda inne blant fjella ved Sognefjorden, sat nok mange å venta ut den tredje av mange regnbyer før dei tok turen ned til Høyanger kai. Difor var det god plass på kaien når NRK sin Sommarbåt kom til syne ute i Høyangerfjorden.

Skulemusikken og fagforeininga sitt musikkorps spelte opp, og Osland havbruk serverte både grilla og røykt laks frå eit telt. Det siste kvarteret før båten klappa til kai auka folkestraumen frå Storgata på.

Mange hadde teke turen ut på fjorden og følgde sommarbåten i sine fritidsbåtar, men også på kaien var det godt med folk som helste det reisande NRK-skipet velkommen.

Fleire regnbyer, avløyst av nye periodar med sol følgde, men no i ettermiddag ser vêret ut til å ha letta. Yr.no melder om null nedbør fram mot Sommeråpent si direktesending frå Høyanger kai klokka 21.30.

Del dine bilete frå møtet med Sommarbåten - med #nrksf

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager