Hopp til innhold

Over ein halv million høyrde og såg Annika (15) synge på Sommeråpent

Halvparten av alle som såg på TV den kvelden, fekk med seg stortalentet Annika Beinnes (15) sin versjon av «Sommernatt ved fjorden».

15 år gamle Annika Beinnes måtte steppe inn då Olav Stedje vart sjuk. Her er opptreden hennar i Sommaråpent frå Høyanger.

POPULÆR: Annika Beinnes frå Vadheim imponerte alle då ho sang for heile Norge førre veke under Sommeråpent frå Høyanger. Her akkompagnet av Harald Dahlstrøm.

Svært mange sjåarar koste seg med NRK sin sommarbåt si ferd i Sogn og Fjordane førre veke. Flest sjåarar var det då båten ankra opp i Sogndal, men overalt kor båten gjekk, var det uvanleg mange som benka seg framfor TV-apparata.

– Sommarmånadane er vanlegvis lågsesong for TV-sjåing, og det er svært gledeleg at så mange valde å sjå TV-sendingane frå Florø, Sogndal, Høyanger og Skjerjehamn, seier redaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen.

Gode tal for Sommarbåten

Stad:

Sjåartal:

Marknadsdel:

Florø

630000

50.9%

Sogndal

650000

50.2%

Høyanger

502000

50.0%

Skjerjehamn

497000

42.4%

Når ut til eit stort publikum

M/S Sjøkurs har dei siste vekene heldt stø kurs frå Finnmark til Vestlandet, og overalt har NRK-skuta blitt møtt med flagg, folk og ein armada av småbåtar. No er båten på veg sørover gjennom Hordaland, og torsdag kveld er sendinga frå Bekkjarvik.

– Det er vel ingen tvil om at det har vore utruleg flotte sendingar. Dette er ein svært kjekk måte å nå ut til NRK sitt store publikum på, meiner Kai Aage Pedersen.

Eit av høgdepunkta under toktet gjennom Sogn og Fjordane, var utan tvil 15 år gamle Annika Beinnes frå Vadheim. Ho steppa inn på kort varsel for ein sjukemeld Olav Stedje, og song så tårene spratt på både TV-sjåarar og publikum på kaia i Høyanger.

Tusenvis av sjåarar på nett

I ettertid har fleire tusen teke seg tida til sjå nettklippet med Annika sin song, og det har kome mange kommentarar på sosiale medium til den talentfulle tenåringen.

– Innslaget med Annika var jo ikkje anna enn imponerande, og syner vel tydeleg at vi har mange flotte og flinke talent her i fylket. Ein kan vel kanskje seie at ei stjerne blei fødd den kvelden, slår distriktsredaktør Kai Aage Pedersen fast.

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager