Hopp til innhold

Sogndal og Florø på topp ti-lista til Sommeråpent

Sommeråpent frå Sogndal og Florø klatra galant inn på topp ti-lista over dei mest sette Sommeråpent-programma i sommar.

Sjå Sommarbåten komme til Sogndal

Heile 652.000 såg Sommeråpent frå Sogndal, medan 634.000 såg sendinga frå Florø. Øvst på lista tronar sendinga frå kystperla Mandal i i Vest-Agder, der heile 711.000 såg sendinga.

Slike tal likar Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll godt.

– Oi! Nei, so flott, seier Aarvoll.

Er glad for at så mange stilte opp

Han var sjølv med då NRK sin sommarbåt M/S Sjøkurs klappa til kai i Sogndal for å sende direkte frå fotballbygda. Og det var han langt frå åleine om.

– Det var eit fint høve for lokalsamfunnet til å syne seg frå si beste side, og det var ekstra kjekt at så mange tok turen, ikkje minst frå nabokommunane, seier Aarvoll.

Han peikar på at både Lerum og fotballaget Sogndal har sett bygda på Norges-kartet for lengst, men at det slett ikkje skadar med direktesendt TV heller.

– Det var mange gode ambassadørar for Sogne-regionen der, så dette er kjekt å høyre. Det er folka som skapar gode lokalsamfunn, seier Aarvoll.

Trur Florø er sett på kartet

Florø-ordførar Bengt Solheim-Olsen tykkjer det er stas at også Florø er på lista over dei mest sette sendingane.

– Det er veldig gledeleg. Vi er veldig glade for at vi fekk Sommarbåten på besøk, seier Solheim-Olsen.

Han trur dette har sett Florø på kartet ein gong for alle.

– Det har ein marknadsføringsverdi som nesten ikkje kan talfestast, seier Solheim-Olsen.

Stas å vere på topp ti-lista

Også distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, tykkjer det er gjævt at to av stoppestadane i fylket når opp på topp ti-lista til Sommeråpent.

– Det var flotte sendingar frå heile fylket, og gode sjåartal totalt sett. Men det er stas at to av stoppestadane kjem inn på topp ti-lista, seier Pedersen.

Han peikar på at sendingane fekk synt eit spenn av kva som røyrer seg i fylket, og at folk som kanskje ikkje kjenner fylket så godt, fekk eit godt inntrykk av kva som røyrer seg her, både av musikalske talent og levande lokalsamfunn.

– Eg trur vi kan slå fast at Sogn og Fjordane innfridde, seier Pedersen.

I Sogn og Fjordane klappa M/S Sjøkurs til kai både i Skjerjeham og i Høyanger, i tillegg til Sogndal og Florø.