Hopp til innhold

- Alle vert råka når vi mistar nokon, seier Sogndal-ordføraren

Ordføraren i Sogndal sett pris det lokale engasjementet i leitinga etter Veronica Heggheim Stegegjerdet. – Det viser at vi bryr oss, seier Jarle Aarvoll om den vanskelege tida.

Ordførar Jarle Aarvoll framfor kommunehuset i Sogndal

INGEN Å MISTE: Sogndal-ordføraren, Jarle Aarvoll, er prega av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22). - Vi har ingen å miste, seier Aarvoll.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På søndag vart det stadfesta at det var Veronica Heggheim Stegegjerdet politiet fann i sjøen ved Barsnes i Sogndal.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, seier hendinga som har råka Sogn har vore trist for innbyggarane i dei ulike kommunane.

– Det er jo fleire kommunar som har vore involvert i dette. Først og fremst så er det jo ei trist hending, seier Aarvoll og legg til:

– All medkjensle går til slektningar, venar og næraste omgangskrets i ulike kommunar her i Sogn. Først og fremst er det trist, og det gjer noko med oss. Vi har jo ingen å miste.

  • LES OGSÅ:

Stort engasjement frå frivillige

Det har vore veldig mange med å leite, og både politi, frivillige og mannskap frå Raude Kors har delteke i leitinga etter den unge kvinna.

– Korleis pregar det lokalsamfunnet at ei ung jente har gått bort?

– Alle vert råka når vi mistar nokon. Så viser jo det store engasjementet i denne saka, ikkje minst gjennom alle dei frivillige som har stilt opp i leiteaksjonen, frå heile fylket. Det viser at vi bryr oss og at vi stiller opp, meiner Aarvoll.

– Politiet driv framleis med etterforsking. Korleis er det å ikkje ha svar på alle spørsmåla om kva som har skjedd?

– Dei spørsmåla må politiet svare på. Som eg har sagt tidlegare, så håpa eg at dei ville finne Veronica i live. Me håpa at dei fann jenta, og det har dei gjort, dessverre død. Da vil det sikkert vere mange spørsmål ein har som ein vil finne svar på, og eg håpar ein finn svar på dei ulike spørsmåla, seier ordføraren.

Folk bryr seg

Sogndal-ordføraren er klar på at dei ulike kommunane som har vore råka i forsvinningssaka har gjort sitt for å tilby hjelp til dei pårørande.

– Det har jo vore ein god dialog mellom dei ulike kommunane. Slik eg kjenner til, så er personane som er råka ivaretekne på ein god måte, og det er jo ulike måtar å handtere slikt på.

Roser lagt ned ved Barsnesfjorden i Sogndal

ROSENEDLEGGING: Folk har lagt ned roser ved Barsnesfjorden i Sogndal der Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart funne omkommen fredag i forrige veke.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

På funnstaden ved Barsnesfjorden i Sogndal har mange tent lys og lagt ned blomster for å uttrykke si sorg. Aarvoll trur det er viktig for folk å få markere omtanke.

– Folk har ulike behov for å markere sorg, og ofte så skjer det stille og roleg, og det skal ein ha respekt for. Folk bryr seg her, seier ordførar Aarvoll.