Hopp til innhold

Vil droppe valdssiktinga mot tiltala i Veronica-saka

Påtalemakta tilrår å leggje vekk valdssiktinga mot mannen i 40-åra som i desember i fjor vart varetektsfengsla i samband med dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

STÅR UTAN SVAR: Etterforskinga er avslutta og politiet står utan svar på kva som førte til dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet. I november i fjor vart ho funnen død ved Barsnesfjorden i Sogndal, eit par kilometer frå huset hennar i Årøy.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Den tiltalte er framleis sikta for falsk forklaring i saka.

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart meldt sakna 28. oktober i fjor og ein stor leiteaksjon vart sett i gong. Den 14. november vart ho funnen død ved Barsnesfjorden i Sogndal. Obduksjonsrapporten viste at dødsårsaka truleg var drukning.

I desember vart ein mann i 40-åra sikta for lekamskrenking, falsk forklaring og narkotikabrotsverk.

Saka er no sendt til statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Påtalemakta tilrår at valdssiktinga blir lagt vekk.

– Vi ventar no på avgjersle frå statsadvokaten, skriv familiens bistandsadvokat i ein SMS.

Ho skriv vidare at dei no skal i eit møte med politiet for å få ei orientering om den andre runda av etterforskinga, som vart avslutta i sommar.

– Ut over det har eg ingen anna kommentar no, anna enn at det sjølvsagt er svært vanskeleg for familien til Veronica at etterforskinga ikkje leia til svar.

Dei andre tiltalepunkta, som gjeld falsk forklaring og brot på narkotikalovgivinga, vil bli oversendt statsadvokaten seinare. Dette er fordi den sikta har gjort nye lovbrot i sommar, for å ha køyrt utan gyldig førarkort og for eit mindre brot på narkotikalovgivinga.

Det er forventa at statsadvokaten vil få denne saka oversendt i løpet av neste veke.