Veronica skal ha blitt utsett for vald og trugslar

NRK kjenner til at sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet frå Sogndal skal ha blitt utsett for trugslar og eit tilfelle av vald før ho forsvann.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

KØYRER VEKK: Det som skal vere Sogn gravferdshjelp sin bil køyrer vekk frå funnstaden.

Foto: Christian Blom

Fredag ettermiddag like før klokka to vart det funne ei død kvinne i sjøen ved Barsnes i Sogndal.

Det var ein turgåar som melde frå om ein observasjon langs vasskanten, og at politiet etter det gjorde funnet av kvinna. Ingen andre personar er meldt sakna i området, men politiet kan ikkje stadfeste at det er Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) dei har funne.

Vi kan ikkje seie noko om identiteten til den personen som er funnen. No vert kvinna sendt til Gades Institutt i Bergen for obduksjon, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Skal ha opplevd vald og trugslar

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet er sakna i Sogndal.

Foto: Privat

NRK kjenner til og har snakka med fleire som stadfester at den sakna 22-åringen vart utsett for trugslar og vald i tida før ho forsvann frå heimen sin i Årøy.

Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal.

NRK har konfrontert politiet fleire gonger med desse opplysningane, men dei har ikkje villa kommentere det. Heller ikkje fredag kveld vil lensmann Karoliussen svare på dette.

– Eg har ingen kommentarar. Eg kan ikkje gå inn i detaljar på kor viktig verken det eine eller det andre er. Vi har jobba breitt og etterforska opplysningar som vedrører forsvinninga og den sakna kvinna. Så får vi sjå kva svar vi får på dei ulike problemstillingane etter kvart, og kva utfordringar det gir oss vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veronica Heggheim Stegegjerdet

KØYRER VEKK: Det som skal vere Sogn gravferdshjelp sin bil køyrer vekk frå funnstaden.

Foto: Christian Blom

Fleire inne til avhøyr

Regionlensmann Asle Karoliussen sa tidlegare i dag til NRK at dei har etterforska forsvinningssaka breitt, og at dei har snakka med fleire personar i Sogndal.

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor.

Avhøyra skal vere ein viktig del av politiet sitt arbeid med å prøve å kartleggje den sakna kvinna sine rørsler både i tida før ho forsvann, men også i dagane som gjekk frå ho sist blei sett til ho formelt blei meld sakna 28. oktober klokka 16.49.

Kripos kjem til Sogn

Store ressursar har vore brukt på å leite etter den sakna kvinna. Både ubåtar og helikopter har vore med i leiteaksjonen, men så langt utan resultat før funnet i dag.

Kripos har vore på staden for å bidra med teknisk etterforsking i saka.

Dei kjem attende til Sogndal for å bistå det lokale politiet etter funnet fredag ettermiddag.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu