Hopp til innhold

Slit framleis med uklar tredagarsperiode

Etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet held fram med rundt 15 mann i arbeid. Politiet håpar svar om dødsårsaka vil kome måndag.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNSTAD: I dette området vart Veronica Heggheim Stegegjerdet funnen fredag ettermiddag. Politiet håpar obduksjonsrapporten og meir informasjon om dei tre dagane frå 25.-28. oktober skal gje fleire svar.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

– Vi håpar den førebelse obduksjonsrapporten er klar. Om den er klar på måndag eller tysdag veit eg ikkje. Når vi har han, får vi i alle fall drege ut ein konklusjon på det, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen.

Ei kvinne vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal på fredag, og søndag stadfesta politiet det var Heggheim Stegegjerdet. Lensmannen seier politiet ikkje veit om kvinna har vorte utsett for noko kriminelt.

– Det er mange uavklarte forhold vi ønsker å få svar på. Vi har fått ein del svar som vi må jobbe vidare med. Vi etterforskar framleis breitt, og vi vil gjere det vidare fram til det er grunn til å dreie i ein retning.

Som NRK har fortalt skal Heggheim Stegegjerdet ha blitt utsett for vald og trugslar.

Seint søndag kveld skreiv BT at kvinna skal ha vorte funne med ytre skader, men at politiet ikkje sit med opplysningar som peikar klart mot at kvinna er utsett for noko kriminelt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Reporter Arve Uglum direkte frå Sogndal.

Kripos vil framleis bidra

Sidan Heggheim Stegegjerdet vart meld sakna tysdag 28. oktober har det vore gjennomført omfattande leiteaksjonar og politietterforsking med ubåtar og politihelikopter.

Søndag sperra politiet av eit stort område rundt bustaden til kvinna i Årøy i Sogndal. Karoliussen seier etterforskinga vil halde fram måndag.

– Vi jobbar med å skaffe oss mest mogleg informasjon, både om området der kvinna som er omkomme budde, gjennom vitneavhøyr og andre ting som kan belyse saka i den fulle breidde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøy

UNDERSØKTE: Søndag jobba fleire frå Kripos i og ved bustaden til Heggheim Stegegjerdet på Årøy i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Lensmannen seier det er rundt 15 personar som jobbar med saka.

– Vi får hjelp frå taktikarar frå Kripos, frå analyse på Kripos. Teknikarane som var med på undersøkingane i huset er reist. Arbeidsplanane framover er retta mot å få fram mest mogleg informasjon, slik at vi kan kome vidare i saka.

– Kvifor har teknikarane reist?

– Dei var ferdige med den jobben dei skulle gjere. Dei har andre presserande oppgåver dei må ta hand om, og slik er det, seier Karoliussen.

Uklar tredagasperiode

Lensmannen seier politiet heile vegen vurderer kor mange som skal jobbe med saka. Han vil ikkje gå inn på detaljar i etterforskinga, men vedgår at ho er vanskeleg.

– Det er ei vanskeleg sak å etterforske. Tidsaspektet gir oss ei utfordring. Vi har ein periode frå laurdag føremiddag fram til tysdag der vi prøver å skaffe informasjon som kan belyse saka best mogleg.

Asle Karoliussen

BER OM HJELP: Regionlensmann Asle Karoliussen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Han seier dei får kontinuerleg informasjon og at det hjelper, men er open på at politiet treng meir informasjon. Spesielt når det gjeld perioden frå då Veronica sist vart sett laurdag 25. oktober og fram til ho ikkje møtte opp på eit møte tysdag 28. oktober. Same dag vart ho meld sakna.

Karoliussen ber også om informasjon om og frå personar og køyretøy som har vore i området ved huset til Veronica Heggheim Stegegjerdet i denne tredagarsperioden.

– Eg vil oppmode vitne som har informasjon og kunnskap om å melde seg. Det er ei kjernetid der vi er avhengige av mest mogleg informasjon. Er det noko vi ikkje har fått, er det svært viktig at vi får det.

– Er det mange svarte hol der?

– Vi er veldig på jakt etter informasjon. Det kan vere informasjon folk tykkjer er uviktig, men for oss kan det hjelpe til med å danne eit heilskapleg bilete. Jo meir informasjon vi får, jo betre skikka er vi til å seie kva som har skjedd, seier lensmannen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu