Hopp til innhold

Følg Sogndal direkte: Kan Sogndal gjere vondt verre for Vålerenga?

Sogndal er i Oslo for å møte Vålerenga. Her kan du følgje kampen direkte i tekstoppdateringar og på radio.

Martin Ramsland

MÅL?: Kan Martin Ramsland finna vegen til nettmaskene igjen mot Vålerenga? Førre helg scora han målet i 1–1 kampen mot Strømsgodset.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Ramsland er ein viktig spelar for oss og då vi måtte bytte han ut endra det kampen. Han er ein av dei viktigaste spelarane vår. No må vi utpå og prøva å vinna andre omgang, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til Eurosport i pausen.

Martin Ramsland måtte av med skade etter ein halvtimes spel og til Eurosport seier Ramsland at det kan vera eit brot i ribbeinet.

Før kampen ligg Vålerenga på 15.-plass med berre ein siger på sine første fem kampar. Sogndal på si side står med fire poeng og har berre ein siger så langt i sesongen.

Sogndal-trenar Eirik Bakke gjer to endringar frå laget som spelte 1–1 mot Strømsgodset. Lars Christian Kjemhus og Bendik Bye kjem inn for Chidiebere Nwakali og Eirik Schulze.

Desse 11 startar kampen for Sogndal:

Mathias Dyngeland, Eirik Bergum Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyche, Victor Grodås, Gilbert Koomson, Henrik Furebotn, Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus, Martin Ramsland, Bendik Bye.

Høyr 4-4-2 radiosporten med alle kampane i den femte eliteserierunden.

Laster innhold, vennligst vent..