NRK Meny
Normal

Følg Sogndal - Lillestrøm direkte

I kveld tek Sogndal imot Lillestrøm på Fosshaugane. Etter sin første siger måndag, skal dei no prøve å kapre tre poeng på heimebane.

Sogndal før seriekampen mot Lillestrøm.

TØRSTE PÅ POENG: Sogndal-spelarane ynskjer å halde fram poengfangsten etter sjokksigeren borte mot Stabæk 16. mai.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tidlegare kampar mot Lillestrøm har Sogndal teke 10 sigrar, tapt 15 kampar og seks har enda uavgjort.

Måndag sikra Sogndal seg sin første siger i eliteserien denne sesongen då dei møtte Stabæk på bortebane. Gjestene frå Lillestrøm fekk derimot bank på heimebane då Molde vann 3-0.

Føre dagens kamp ligg sogningane framleis sist på tabellen med fem poeng.

Assistenttrenar Terje Skjeldestad seier til Sogn Avis at dei må byggje vidare på den positive opplevinga frå kampen mot Stabæk.

– Vi fekk stadfesta at vi er på rett veg. I dag skal vi stramme opp det vi kunne gjort betre sist. Lillestrøm er gode på kontringar og dødballar og har stort tempo. Vi må matche dei både på tempo og duellstyrke, seier han til avisa.

Første frå start

Vegard Gjermundstad spelar sin første kamp frå start på heimebane når Sogndal entrar grasmatta på Fosshaugane Campus.

Vaimingen som kom frå konkurrsråka Lyn i fjor, starta også kampen borte mot Sarpsborg 08. Då måtte han ut med skade.

Mot Lillestrøm blir han den andre vaimingen i midtforsvaret, der sambygdingen Even Hovland er eit soleklart førsteval.

Her er laget som mest truleg startar i kveld:

Kenneth Udjus - Mats Goberg Solheim - Vegard Heggenes Gjermundstad - Even Hovland - Per Egil Flo - Ahyee Aye Elvis - Henrik Luggenes Furebotn - Eirik Bakke - Ole Jørgen Halvorsen - Cato Hansen - Isak Scheel

På benken:

Ulrik Flo - Espen Olsen - Joseph T. Bendik - Gustav Valsvik - Ørjan Hopen -Thomas Eriksen Ness - Espen Næss Lund

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.