Hopp til innhold

Kanonskot av Solheim var nok

Stabæk gav alt dei hadde mot slutten, men sogndølene stod imot. Med Mats Solheim si eine scoring sikra laget seg årets første siger.

Mats Solheim, Sogndal

MATCHVINNAR: Mats Solheim sikra Sogndal sin første siger.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette var utruleg deilig. Det er eit av dei beste måla eg har scora, og truleg også eit av dei vikitigaste, seier matchvinnar Mats Solheim til nrk.no.

Sigeren var Sogndal sin første i eliteserien sidan 24. oktober, då motstandar Odd vart slått 4-2.

Frisparkperle

Sogndølene var då heller ikkje førehandsfavoritt mot Stabæk 16. mai.

Heimelaget, som har vore i flytsona, jakta serieleiing, og Mikkel «Mix» Diskerud jakta scoring. Den var då også berre ein stolpe unna i det femte minutt.

Men Stabæk slutta fort å imponere. Dei nederlagsdømde gjestene frå Sogndal såg ikkje underlegne ut, og i det 37 minutt knalla Mats Solheim inn leiarmålet og det som blei vinnermålet etter frispark. Scoringen var vakker, og Stabæk var rysta.

– Eg fekk eit frispark frå Henrik Furebton sidelengs, og klinka til. Den gjekk i ei fin bane i krysset, fortel målscoraren.

Han legg til:

– Men det var lenge igjen av kampen då eg scora. Så på det tidspunktet var eg på langt nær sikker på siger...

Udjus stod som ein bauta

Stabæk-trenar Jørgen Lennartsson gestikulerte før pause og om mogleg endå meir etter pause. Spelarane hans flytta då også beina raskare, men berre litt raskare.

Gjestene hadde fått trua på ein trepoengar, sesongens første. Dei heldt stand, også i hektiske sluttminutt då Stabæk sette inn ein sein sluttoffensiv.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kenneth Udjus

STOD STØTT: Nils Kenneth Udjus stod imot Stabæk sitt hardkøyr mot slutten og heldt Sogndal-buret reint.

Foto: NRK

I sine rosa bortedrakter spelte Sogndal med innsats og disiplin. Belønninga blei altså siger i ein kamp der keeper Nils Kenneth Udjus framstod som sikker, mens Stabæk-spelarane skuffa stort.

– No er vi i gang

– Vi har vore gode defensivt i fleire kampar no. Stabæk trykte på dei siste 15-20 minutta, men vi klarte å stå imot, konstaterer Solhem.

Han fortel om svært god stemning i Sogndal-garderoben på Telenor Arena på Fornebu.

– Det var utruleg viktig å få ein siger. No er vi i gang og har fått ein trepoengar. No skal vi kose oss på 17. mai i morgon.

Men alt torsdag ventar neste utfordring. Då gjestar Lillestrøm Fosshaugane campus.

– No får vi kose oss, og deretter konsentrere oss om Lillestrøm. Eg håpar vi dreg med oss sjølvtillit inn i den kampen. Vi må bygge vidare på den oppadgåande forma vi har vist dei siste kampane.

Trur på tabellklatring

Dei neste vekene er kampprogrammet tett. Det skremmer ikkje Sogndal sin 16. maihelt.

– Det er noko vi berre må forholde oss til. Det er det same for dei andre laga. Ein trepoengar til no, så er vi brått midt på tabellen, seier Solheim.

Skuffande 6662 tilskodarar såg Stabæk - Sogndal på fotballen sin festdag 16. mai. Sogndal-kaptein Eirik Bakke, som var tilbake frå start etter skade, spelte ein ok kamp, men vart bytta ut mot Espen Olsen etter 61 minutt.

Mens Sogndla altså møte Lillestrøm heime på Fosshaugane torsdag, dreg Stabæk til Skien og en vanskeleg bortekamp mot Odd.

Trass årets første siger, Sogndal ligg framleis sist i eliteserien med fem poeng. Men laget har no tetta luka oppover og berre tre poeng skil sisteplassen frå Odd Grenland på 11. plass.