NRK Meny
Normal

Følg pressekonferansen om Stad skipstunnel her

NRK sender direkte frå pressekonferansen om Stad skipstunnel.

Regjeringspartia og samarbeidspartia riggar til pressemøte i Selje i samband med Nasjonal Transportplan.

SJÅ: Regjeringspartia Høgre og Frp har fått med seg støttepartia Venstre og KrF på ein pressekonferanse om Stad skipstunnel.

Regjeringspartia Høgre, Frp og samarbeidspartia Venstre og KrF har invitert pressa til Selje for å orientere om skipstunnelen. Pressekonferansen startar klokka 1330.

Tunnelen er kostnadsrekna til kring 2,5 milliardar kroner, og mykje talar for at tunnelen blir realisert i løpet av transportplanen 2018–2029.

Under pressekonferansen på hurtigbåtkaien i Selje sentrum er det venta at politikarane vil seie kor mykje midlar og kva tidsaspekt dei ser føre seg til bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen.

På pressekonferansen klokka 1330 møter:

  • Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), Sogn og Fjordane
  • Stortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve (H), Møre og Romsdal
  • Fylkesleiar Lars Svein Drabløs (Frp), Sogn og Fjordane
  • Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp), Møre og Romsdal
  • Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V), Sogn og Fjordane
  • Vanylven-ordførar Lena Landsverk (V)
  • Stortingskandidat Tore Storehaug (KrF), Sogn og Fjordane
  • Eks-ordførar i Vanylven Jan Helgøy (KrF)
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote