NRK Meny
Normal

Håpar på pengar til skipstunnel

Det er store forventningar til kva som kjem til Sogn og Fjordane i Nasjonal Transportplan.

Montasje: Stein Robert Osdal og Stad skipstunnel

HÅPAR PÅ TUNNEL-JA: Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje

Foto: Kystverket/Snøhetta og Asgeir Heimdal Reksnes

I dag kom det 3,4 milliardar til vegar i Møre og Romsdal. I går fekk Hordaland sine milliardar og er ifølgje statsministeren blant vinnarane av budsjettet i år.

Også i Sogn Fjordane står prosjekta i kø, eit som har venta lenge er Stad skipstunnel, og i Selje får ordføraren nesten ikkje sove av spenning.

– Eg merkar at spenninga tok seg opp då TV2 måndag kveld fortalde at etter det dei kjende til så var skipstunnelen inne i Nasjonal Transportplan. Etter det så har eg sjekka mobilen flittig, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Lovar gledeleg nytt

Fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre seier at Sogn og Fjordane kjem til å få gledeleg nytt når meir frå Nasjonal Transportplan blir gjort kjent. Men han held korta tett til brystet når det gjeld kva dei gode nyheitene er.

– Det eg kan seie er at som vi har sett så kjem det nyheiter dagleg, og det vil det også kome i vårt fylket i dagane og vekene som kjem. Meir enn det vil eg ikkje seie no, seier Grønnevik.

Ei som har klare forventningar til kva som bør kome er fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

– Vi må ha høge forventingar til Nasjonal transportplan for den legg grunnlaget for kva vi kan investere i vegar og skipsfart dei komande åra.

– Kva har du høyrt?

– Det har vore veldig stille til no her i fylket. Ingen statsrådar har vore på besøk. Det næraste vi har vore er nokre spekulasjonar i media om at no kjem skipstunnelen seier Følling.

Dei tre store

Følling seier det er ekstra viktig det som det står om dei fire første åra, kva prosjekt som blir nemnde. For Sogn og Fjordane er det knytt spenning til særleg tre store prosjekt.

– Det er Stad skipstunnel som det har vore jobbe med i ein mannsalder. Så er det E39, eit prosjekt som fylkestinget har løfta opp. Der må det kom inn nye prosjekt, viss ikkje så kan det ikkje startast opp eit einaste prosjekt etter Bjørset–Skei. Så må eg og nemne Strynefjellsvegen og Strynefjellstunnelane som også ligg inne i dagens NTP, dersom det ikkje kjem pengar der så kan dei verte stenge. Og så har vi tunnelen gjennom Vikafjellet, seier Følling.

Håpar på grønt lys

I Selje er ordføraren forsiktig optimist, sjølv om han ikkje vil heise flagget før han har sett det svart på kvitt.

– Det er fantastisk for Selje, fylket og heile kysten at det no ser ut til at regjeringa og støttepartia går inn for å realisere Stad skipstunnel, seier Osdal.

– Kor sikker er du?

– Vi er jo ikkje sikre før vi får det endeleg stadfesta. Men vi har aldri hatt så stor tru på dette prosjektet som no. Det har vore gode signal både frå regjeringspartia og støttepartia, seier Osdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser