Hopp til innhold

Følg ordføraroppgjeret her

Frå klokka 13 kan du følge skytekonkurransen mellom 19 ordførarar, som møtast i kampen om å bli den mest treffsikre ordføraren i fylket under Landsskyttarstemnet.

Ordførarar frå Sogn og Fjordane deltek i skyteduell på landsskyttarstevnet i Førde.

– Eg skal sjølvsagt ta den litt rause haldninga, og ta eit par bomskot slik at kollegaene mine kjenner seg vel når dei kjem på besøk hit til Førde, seier Førde-ordførar Olve Grotle.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

KLAR: Ordførar Olve Grotle er klar, men han trur ikkje det blir han som kjem til å trone øvst på pallen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I dag møter han 18 kollegaer i den harde konkurransen om å bli den beste skyttar-ordføraren i Sogn og Fjordane. Dei konkurrerer på 100-meteren og vinnaren blir den som er best av 25 skot i liggande stilling.

Grotle trur det blir ein spennande kamp.

– Ein del av kollegaene mine driv med skyting til vanleg, så eg reknar med det er høg kompetanse på skyting i dag, seier han.

Har fått bilete frå konkurrentane

Etter Firda hadde ei reportasje frå Grotle si skytetrening der han greidde å oppnå ganske høg poengsum, har kollegaene passa på å sende bilete til Førde-ordføraren av eigne prestasjonar.

– Etter å ha fått mange bilete frå kollegaene mine rundt om, så forstår eg at sjansane mine er veldig små. Og det er umogleg å gjette kven som blir den beste, seier han.

Desse politikarane skal prøve seg på blinken:

  • Olve Grotle, Førde
  • Jenny Følling, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Ola Teigen, Flora,
  • Oddmund Klakegg, Jølster
  • Mathias Råheim, Gaular
  • Håkon Myrvang, Naustdal
  • Frida Melvær, Askvoll
  • Hallvard Oppedal, Gulen
  • Gunhild Berge Stang, Fjaler
  • Morten Askvik, Hyllestad
  • Stig Olav Lødemel, Hornindal
  • Alfred Bjørlo, Eid
  • Lars Trygve Sæle, Balestrand
  • Jan Geir Solheim, Lærdal
  • Ivar Kvalen, Luster
  • Jarle Aarvoll, Sogndal
  • Olav Turvoll, Vik
  • Jon Håkon Odd, Leikanger
  • Aleksander Øren Heen, Årdal (Må skyte kneståande på grunn av tidlegare merittar.)

I tillegg har fylkesleiar, Hilmar Høl i arbeidarpartiet meldt seg på i ettertid. Med er også Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet.

Jenny Følling

KONKURRENT: Er det fylkesordførar Jenny Følling som blir skyttardronninga i Sogn og Fjordane?

Foto: Aleksander Åsnes / NRK