Hopp til innhold

Følg fylkesutvalet direkte på nett

– Det kan godt hende at fylket må sjå på skulesaka på nytt, seier Jenny Følling frå Senterpartiet.

Jenny Følling

MANGLAR 40 MILLIONAR: Jenny Følling seier dei har utfordringar med å spare nok pengar med den nye modellen sin.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Torsdag ettermiddag blei det kjent at fylkespolitikarane manglar nærmare 40 millionar for å greie dei naudsynt skuleinnsparingane. Det syner utrekningar som fylkesrådmann Tore Eriksen har gjort.

Bakgrunnen er at fylkespolitikarane har gått inn for berge Stryn og Høyanger vidaregåande skular, i tillegg til Hordalandsavtalen som gjer at elevar i Gulen kan gå på skule i nabofylket.

Ei slik løysing vil spare 17 millionar på kort sikt og 37 millionar kroner på lang sikt. Då ligg vidareføringa av Hordalandsavtalen inne. Dette er langt frå innsparingskravet på 47–62 millionar kroner på kort sikt og 72–97 millionar kroner på lang sikt.

Følg møtet i fylkesutvalet i nett-TV nedst på denne sida.

Må sjå på andre moglegheiter

Følling seier ein no må jobbe fram mot fylkesting og økonomiplan for å finne innsparingar.

– Vi har nettopp fått dette dokumentet frå fylkesrådmannen og har ikkje gått tungt inn i økonomien enno. Men det er ikkje så veldig overraskande tal

– Kva tenkjer du om at det er fleire millionar det ikkje er funne innsparingar for?

Det er dette som er utfordringa i skulebruksplanen. Vi har teke ned 32 klassar og har klart halve innsparinga. Vi må også sjå om investeringane kan gå litt ned. Det kan også vere andre ting vi kan sjå på og det er mogleg at saka må takast opp nokre år, seier Følling.

Direkte i nett-TV

Fylkeskommunen sender møtet i fylkesutvalet direkte i nett-TV. Du kan også følgje møtet her direkte frå klokka 13.

Du får fyldig oppdatering frå møtet på nrk.no/sf utover dagen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu