Hopp til innhold

Politikarane klarar berre halve innsparinga med sin modell

Det syner utrekningar som fylkesrådmann Tore Eriksen har gjort.

Høyanger og Stryn

VIL BERGE: Politikarane i opplæringsutvalet vil gjerne berge både Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Men det gir færre innsparingar, syner fylkesrådmannen sine utrekningar.

Foto: Heidi Lise Bakke/Kirsti Horne / NRK/privat

Hovudutval for opplæring bad 28. mai fylkesmannen å greie ut ny modell for organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Det var då tverrpolitisk semje om å berge både Stryn og Høyanger vidaregåande skular, samt la Hordalandsavtalen stå ved lag, samtidig som ein la ned den vidaregåande skulen på Hafslo og Mo og Jølster vidaregåande sin avdeling på Vassenden.

Men politikarane bad administrasjonen greie ut einskilde økonomiske og faglege konsekvensar av dei endringane som vart føreslegne.

Saka er utsett til i morgon når det er nytt møte i hovudutvalet for opplæring.

Er langt frå innsparingskravet

No syner utrekningane til fylkesrådmannen at ei slik løysing vil spare 17 millionar på kort sikt, og 37 millionar kroner på lang sikt, og då ligg vidareføringa av Hordalandsavtalen inne.

Det er langt frå innsparingskravet på 47–62 millionar kroner på kort sikt og 72–97 millionar kroner på lang sikt.

I utrekningane til fylkesrådmannen kjem det likevel fram at det i ny modell er relativt godt samsvar mellom det venta elevtalet og talet elevplassar i regionane. Rådmannen peikar på at fordelinga av elevplassar mellom regionane må sjåast i samanheng med tal plassar fylkesdekkjande tilbod.

I utgreiinga vert det også peika på at endra fordeling av fylkesdekkjande tilbod mellom regionane gjer det vanskeleg å vite nøyaktig korleis elevsøkinga vil bli. Fylkesrådmannen minner også om at opplæringstilbodet framleis må lysast ut og justerast årleg som følgje av endra behov i arbeidslivet og endra elevsøking.

Kan gi skeiv kjønnsbalanse

I modellen som politikarane har lagt opp til vil det bli ei overvekt av yrkesfagtilbod i indre og ytre Sogn og Sunnfjord. I Nordfjord vil det derimot bli ei overvekt av studieførebuande tilbod.

Fylkesrådmannen peikar på at dei fylkesdekkjande tilboda musikk, dans og drama, idrett og studiespesialisering med formgjevingsfag påverkar delen studieførebuande utdanningsprogram i Nordfjord.

Han legg til at ny modell også gir ein liten auke i delen plassar på yrkesfagleg utdanningsprogram i forhold til skuleåret 2012/2013, og at fordelinga av utdanningsprogramma på skulane truleg gir ein skeiv kjønnsbalanse på nokre av skulane.

Har bygningsmessige konsekvensar

Rådmannen peikar på at ny modell har nokre konsekvensar reint bygningsmessig. Til dømes vil det ved Luster vidaregåande skule i ein periode på inntil fire år vere naudsynt å halde oppe delar av drifta. I denne perioden må kostnader til normal rehabilitering påreknast.

Ny modell vil føre til auka arealbehov for Sogndal vidaregåande skule, medan det ved Høyanger og Stryn vidaregåande skular vil vere areal til overs, noko som ein kan tenkje seg til utleigeføremål. Men det vil også koste pengar å få lokala tilpassa til dette.

Ved Hafstad, Flora, Firda og Dale vidaregåande skular vil ein ikkje trengje å gjere endringar på bygningsmassen.

NRK har vore i kontakt med fleire av fylkespolitikarane, Ingen ønskjer på noverande tidspunkt å kommentere utgreiinga, men dei fleste gir uttrykk for at dei klør seg i hovudet og er i villrede på kva dei skal gjere.

Fleire av partia skal ha gruppemøte i kveld for å førebu seg på morgonsdagens møte i hovudutval for opplæring.