Fnys av negativ E39-rapport

Både raude og blå politikarar fnys at den negative E39-rapporten som vart lagt fram i dag. Politiske motstandarar skuldar i fellesskap på dårlege analysemodellar, og held fast på bygging av ferjefri E39.

Politiske motstandarar samde om E39

POLITISKE MOTSTANDARAR: samde om ferjefri E39, og dårlege reknemodellar.

– Dette syner med all tydelegheit det som Høgre og Framstegspartiet har skrive i regjeringserklæringa. Nemleg at dei samfunnsøkonomiske modellane må endrast, og at dette må gjerast så raskt som mogleg, seier Frank Willy Djuvik, leiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti.

Han er også medlem av Vestlandsrådet, og ein mogleg kandidat til ein del av det nye regjeringsapparatet.

Anbefaling om ferjefri E39

TILRÅDD FERJEFRI E39: slik er tilrådingane om vegen.

Foto: Rapport fra TØI/Dovre Group

Djuvik avviser kontant kritikken frå forskarar ved Transportøkonomisk Institutt, om at ferjefri E39 er ein dårleg ide.

Harald Minken frå Transportøkonomisk institutt har på vegner av Sjømannsforbundet funne ut at fire av sju fjordkryssingar er samfunnsøkonomisk ulønnsame.

– «Det har vært litt vel mye Møllers tran i forhold til det som har vært faglig forsvarlig. I hvert fall i forhold til mitt fag», sa Minken til NRK tidlegare i dag.

Brei politisk semje om dårlege modellar

– Det er berre rekna på reisetid, og kostnadar spart i høve reisetida. Totale samfunnsøkonomiske vinstar, som næringsutvikling, auka verdiskaping i lokalsamfunn og mine press på sentrale strøk og liknande er ikkje med i analysane, seier Djuvik, og understrekar behovet for å fornye analysane.

– Det er heilt openbart for alle at ferjefri E39 som totalprosjekt vil gje enormt stor avkasting til samfunnet.

– Er det openbart også for alle i Høgre og Framstegspartiet sentralt?

– Ja, Frp vedtok på landsmøte at nettopp gå grunn av den samfunnsøkonomiske vinsten, er dette eit prosjekt som ein ynskjer å realisere så fort som mogleg, seier Djuvik.

Ferjefri E39

BRU HELLER ENN FERJE: meiner dei fleste Vestlendingane.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Djuvik får støtte frå Åshild Kjelsnes, som vanlegvis er hans politiske motstandar. Arbeiderpartipolitikaren, som også er fylkesordførar og leiar av Vestlandsrådet, er ein av dei fremste forkjemparane for ferjefri E39.

– Eg tek dette med ro. Det er mange slike analysar som blir gjort. Eg oppfattar Finansdepartementet slik at det ikkje er konkludert på korleis reknemodellane bør vere i framtida, og at ein er på leit etter betre modellar.

Informasjonsansvarleg Morten Øen i Sjømannsforbundet har ein annan konklusjon.

– Det er dumt å kaste vekk pengar på investering på ting som ikkje gjev uttelling, når ein kan investere dei same pengane på betre alternativ og på vegen mellom.

Ingeting ville vore lønnsamt

Fylkesordføraren vil ikkje meine noko om bakgrunnen for at Sjømannsforbundet har fått utarbeidd rapporten.

– Vedtaket om ferjefri og opprusta E39 står ved lag, og er vedteke i nasjonal transport plan. No er Vestelandsrådet si oppgåve å passe på at det blir bevilga nok pengar til kvart enkelt årsbudsjett, slik at ein kan følgje ambisjonen, seier Kjelsnes.

Djuvik påpeikar også at trass i brei politisk semje om å uansett byggje vegen, så er det eit generelt behov for å få endra reknemodellane.

– Vi kunne valt å bygge vegen, men det får andre økonomiske konsekvensar. Vi må skilje mellom drift og investering. Og vi må kunne dokumentere avkasting på pengane, slik at vi ikkje berre tappar oljefondet. Vi må ha avkasting som vi kan sette inn, og som er høgare enn det vi elles ville fått. Det er heilt openbart at vi får det ved å bruke pengar på ferjefri E39.

Fylkesleiaren i Frp legg til at slike utspelt som sjømannsforbundet sin rapport bygger på, tydleggjer behovet for å fornye analysane.

– Vi må bygge vegar som gjev framtidig avkasting, utvikling og verdiskaping. Føl ein ressonementet som ligg til grunn for rapporten, så er det inga vegbygging som ville vore økonomisk lønnsam, og det veit vi at vegbygging er.