Hopp til innhold

Reagerer kraftig på E39-rapport

– Rapporten om ferjefri E39 er farga av at oppdragsgjevaren er Sjømannsforbundet, meiner stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Helge Orten

Helge Orten (H) har lenge kjempa for ferjeavløysingsprosjektet Møreaksen. Han dømmer rapporten frå Transportøkonomisk Institutt nord og ned.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Den raudgrøne regjeringa kom i mars med lovnadar om å gjere heile vegen mellom Stavanger og Trondheim ferjefri, men rapporten frå Transportøkonomisk Institutt konkluderer med at ferjefri E39 er ulønsamt og bør leggast bort.

Les:

– Skikkeleg dårleg idé

Heile Vestlandet jubla då partileiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet 7.mars i år kom med ein lekkasje frå Nasjonal Transportplan (NTP). Draumen om ferjefri E39 blei dermed eit steg nærare oppfylling.

Prislappen er på 150 milliardar kroner.

Navarsete og Giske

Liv Signe Navarsete (Sp) og Trond Giske (Ap) kunne i mars 2013 love at E39 skulle bli ferjefritt.

Foto: Lars Nehru Sand/NRK

Forskar Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt (TØI) karakteriserer derimot regjeringa sitt prosjekt om ein ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim på følgjande måte:

«Som samlet konsept er det en dårlig idé – en del av enkeltprosjektene er en skikkelig dårlig idé.»

– Den store svakheita i rapporten er at han ikkje tek omsyn til meirnytten som faktisk ligg i dette prosjektet, seier Helge Orten (H), som sjølv har kjempa for Møreaksen som blant anna skal erstatte ferja som går over Romsdalsfjorden.

Nettopp Romsdalsfjorden er ein av fjordane Transportøkonomisk institutt meiner ikkje vil løne seg å ta bort ferjene frå:

Samfunnsøknomisk nytte med fergefritt E39

Fergeavløsningsprosjekt

Samfunnsøknomisk lønnsomhet

Boknafjorden (Rogfast)

Lønnsom

Bjørnefjorden (E39 Aksdal-Bergen)

Marginalt ulønnsom

Sognefjorden (Lavik-Oppedal)

Ikke tilstrekkelig analysert

Nordfjord (Anda-Lote)

Marginalt ulønnsom

Storfjorden (Solevåg-Festøy)

Sterkt ulønnsom

Romsdalsfjorden (Vestnes-Molde)

Sterkt ulønnsom

Halsafjorden (Kanestraum-Halsa)

Sterkt ulønnsom

Samfunnsøkonomisk ulønsamt

Ifølgje Transportøkonomisk Institutt sine analyser er både ferjeavløysingsprosjekta Vestnes-Molde, Solevåg-Festøy og Kanestraum-Halsa sterkt samfunnsøkonomisk ulønsame.

Forskar Minken ved Transportøkonomisk institutt meiner her er for lite trafikk til å kunne forsvare den store investeringa til ein ferjefri E39 slik prosjektet ser ut no.

Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt (TØI)

Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) har ikkje tru på at ferjeavløysingsprosjekta langs vestlandskysten vil løne seg.

Foto: Linda Reinholdtsen / NRK
Fannefjord

MF Fannefjord er ei av tre ferjer som trafikkerer på Romsdalsfjorden mellom Vestnes og Molde.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Oddbjørn Vatne

Leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp) fnys av rapporten frå Transportøkonomisk Institutt.

Foto: Trond Vestre / NRK
MF Nordmøre

MF Nordmøre fraktar i dag passasjerar mellom Solholmen og Mordalsvågen. Ferja blir fjerna dersom Møreaksen kjem på plass.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Kristin Sørheim styrelder halsafjordsambandet AS

Kristin Sørheim er styreleiar i Halsafjordsambandet.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Nord for Bergen er det tre samband som det ikkje er mogleg å tenkje seg at kan bli samfunnsøkonomisk nyttige uansett korleis ein triksar med reknereglane.

Les også:

Leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp) er opprørt over at instituttet nok ein gong konkluderer med at vegprosjekt i Møre og Romsdal ikkje vil vere lønsame.

– Etter deira synspunkt skulle vi ha kutta ut det meste, seier samferdsleleiaren til NRK.

– Dei ferjefrie prosjekta gir ei formidabel verdiskaping

Sjølv om politikarar i Møre og Romsdal ser nytte av ferjeavløysingsprosjekta, både samfunnsøkonomisk og på anna vis, meiner forskar Minken at dei 150 milliardar samferdslekronene som skal gå til prosjektet bør brukast til betre og meir nyttige vegformål.

Vatne er heilt ueinig.

– Vi har bygd vegsamband som Eiksundsambandet, og vi ser kva verdiskaping som kjem av dette, seier han.

Han peikar også på at andre rapportar viser noko heilt anna.

– Det er ei formidabel ekstra verdiskaping som vil kome dersom dei ferjefrie prosjekta Møreaksen og kryssing av Storfjorden blir realisert.

Les også:

– Rapporten er prega av oppdragsgjevaren

Forskaren frå Transportøkonomisk Institutt trur Vatne og dei andre tilhengjarane av ein ferjefri E39 har kasta seg på ei optimistisk bølgje, og at den sitjande regjeringa ikkje har teke innover seg det som allereie ligg i utgreiingane av prosjektet.

– Det har vore litt vel mykje Møllers tran i forhold til det som har vore fagleg forsvarleg. I alle fall i forhold til mitt fag.

Helge Orten (H) meiner rapporten er prega av oppdragsgjevaren, nemleg Sjømannsforbundet.

– Ja, det trur eg absolutt han er. I tillegg byggjer rapporten på analysar som er ufullstendige.

Også styreleiar Kristin Sørheim i Halsafjordsambandet avviser konklusjonen i rapporten.

– Ei flytebru over Halsafjorden på Nordmøre er samfunnsøkonomisk lønsam, seier ho.

Les også: