Pasientar på avdelingane øyre-nase-hals, auge, kjevekirurgisk og gynekologisk blir dermed flytta over på andre avdelingar fredag kveld og tilbake måndag morgon.
- Ikkje ideelt
Avdelingsverlege Helge Hagen ved øyre-nase-hals-avdelinga seier sjukehuset gjer dette for å utnytte den bemanninga dei har.
- Ideelt sett skulle pasientane ha vore på same avdeling under heile opphaldet, men vi trur ordninga skal fungere likevel. Han understrekar at det ikkje er alle pasientar som let seg flytte.
- Dette vil vi vurdere i kvart tilfelle, seier Hagen.
Sparepakke
Helgestenginga skal gje ei innsparing på 1,2 millionar kroner, og er ein del av ein større pakke. Større krav til inntening, redusert bemanning og meir effektiv drift er element i pakken, som totalt skal gje ei innsparing på 18 millionar kroner ved sentralsjukehuset.