Hopp til innhold

Florø tapte mot Bodø/Glimt

Florø gjekk på ein smell borte mot Bodø/Glimt. Den tøffe bortekampen enda 4–1 til heimelaget frå nord.

Florø fotball

TAP: Florø gjekk på endå eit tap i kampen mot Bodø/Glimt søndag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

–Det er eit veldig stygt resultat, men det er eigentleg mykje bra i spelet vårt i dag, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø låg under med tre mål til pause, og sjølv om dei fekk ein redusering i det 64. minutt, enda det med ein braksiger til vertane frå Bodø. Rognsø tykkjer det gir eit litt feil bilete av korleis kampen var.

– Begge lag hadde om lag like mange gode sjansar i dag. Vi hadde meir enn nok sjansar til at dette kunne ha vore ein jamn kamp. Målvakta til Bodø/Glimt er det beste spelaren på bana, og så er vi sjølvsagt ikkje gode nok når vi ikkje scorar på dei sjansane vi har.

Meiner dei spelte bra

Florø har ikkje vunne ein kamp i 1. divisjon sidan dei slo Mjøndalen heime den 16. august. Trenaren ser likevel ikkje mørkt på situasjonen til det nyopprykte laget.

– Tidleg i september hadde vi kampar der vi spelte veldig mykje dårleg fotball, men eg tykkjer ikkje vi er der no. No spelar vi faktisk bra, så det er mykje å ta med seg vidare her.

Rognsø meiner det nærast er eit mirakel at det gjekk som det gjekk med kampen i dag.

– Det er heilt uverkeleg å ligge under med tre mål etter ein så jamn førsteomgang, Vi fekk ein skikkeleg leksjon i effektiv fotball i dag, det gjorde vi.

Bodø/Glimt klare for eliteserien

Med sigeren i dag, er Bodø/Glimt no klare for å spele i eliterserien neste år. Tidlegare Sogndal-spelar Kristian Fardal Opseth scora det første målet i dagens kamp, og er no toppscorar i 1. divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..