Hopp til innhold

Start stoppa Florø si sigersrekke

Ved pause var stillinga 1–0 til Start. Kupen utlikna nesten i 2. omgang, men på tampen var det Daniel Aase som sende ballen i mål og Florø si rekke med seks strake sigrar tok slutt.

Terje Rognsø, Florø-trenar

FULLSTENDIG UNØDVENDIG: Trenaren Terje Rognsø meiner det første målet var fullstendig unødvendig og fekk Florø til å spele resten av omgangen ruskete.

Foto: Truls Kleiven

– Kampen byrja slik vi hadde tenkt. Kampplanen såg ut til å fungere, og så får vi ei forsvarstabbe, ein personleg feil, som gjer at Start får 1–0 på noko som ikkje skal skje, seier Terje Rognsø.

Midtvegs i første omgang mista midtstopparen Runar Hove ballen til Espen Børufsen og Florø hamna bak med eit mål. Dette førte til at resten av omgangen blei ruskete.

– Start leia fortent til pause ut ifrå det som skjedde, seier trenaren.

1. divisjon fotball 2017: Start-Florø 2-0.

START-FLORØ 2-0: Daniel Aase (9) setter inn 2–0 i 1. divisjons kampen mellom Start-Florø på Sør Arena.

Foto: Tor Erik Schrøder, Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

2. omgang

– Då dominerte vi eigentleg, men var ikkje gode nok på siste tredjedel til store nok utfordringar. Vi er skuffa over å ikkje få med oss noko som helst, også får Start eit mål fem minutt på overtid, fortel trenaren.

LES OGSÅ: Etter ein to månaders lang opptur med siger etter siger i serien gjekk Florø ut av cupen etter 1–0-tapet for Kristiansund onsdag.

På tampen av kampen var det Start sin Daniel Aase som tok ballen frå Børufsen og sette kursen framover og ned langs sidelinja. Han finta ut Lindquist og fortsette mot mål. Aleine med keeper kippa han ballen over Frenderup og sikra det andre målet for Start.

Laster innhold, vennligst vent..

Målet prega kampen

Rognsø seier dei hadde god kontroll innledningsvis i 2. omgang, men mål pregar kampar.

– Vi trykka på, men får ikkje ballen i mål. Vi hadde kontroll også mistar stopparen vår ballen der han ikkje skal gjere det. Det er ikkje lett å gardere seg mot slike ting.

Florø har hatt eit tøft reiseprogram i det siste og neste kamp er på onsdag.

– Vi burde ha fått utteljing, men det er ikkje ideelt med så tette kampar. Likevel var det Start, som har hatt betre kvile, som låg med krampar og var mest slitne i 2. omgang. På onsdag må vi slå tilbake.

LES OGSÅ: Sist laga møttest enda det med 4–1-siger til Start i Florø, etter at Runar Hove sende Florø i leiinga.

LES OGSÅ: Sidan den gong har Florø klatra opp på kvalifiseringsplass om opprykk og vore i sterk medgang. Medgang har også Start hatt, spesielt utanfor bana der lokale investorar har lovd pengar til å bygge opp att laget til ein klubb i toppen av norsk fotball.

Laster innhold, vennligst vent..