NRK Meny
Normal

Kalludra knuste Florø sin draum om kvartfinale

KRISTIANSUND (NRK): Liridon Kalludra scora det einaste målet på Kristiansund stadion og sende eit hardtkjempande Florø ut av cupen.

Cup fotball 2017 Kristiansund-Florø.

AVGJORDE: Liridon Kalludra jublar for den einaste scoringa i kampen, som kom etter 52 minutt.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sju minutt etter pause vart cupkampen mellom Kristiansund og Florø avgjort.

KBK-spelar Liridon Kalludra vart spelt gjennom, og åleine med Nicklas Frenderup gjorde han ingen feil. Ein roleg chipp over den danske sisteskansen sende heimelaget i føringa.

– Eg såg at keeperen kom ut og så bestemte eg med for å lobba. Det var herleg å sjå den gå i mål, seier målscorar Kalludra.

– Vi merka at vi møtte eit lag med sjølvtillit, så det var herleg for oss å vinna denne. 1–0 smakte godt og det var eit potensielt bananskal å møte eit lag som er i flyten, seier Kristiansund-spelar Dan Peter Ulvestad.

​Ingen av laga har tidlegare spelt kvartfinalen i cupen tidlegare.

– Dette var eit av måla vi sette oss før sesongen og det er ein gledas dag, seier KBK-trenar Christian Michelsen.

– Men eg er mektig imponert over Florø. Dei er livsfarlege i enkelte fasar av spelet, legg han til.

  • Les også:

Sjansar til begge lag

Første omgang var ein fartsfylt affære, og gjekk for seg slik.

Kristiansund starta kampen best og hadde eit klart spelemessig overtak, men klarte ikkje å skape dei aller største sjansane. Så kom Florø seg over «sjokket» og kom på fleire kontringar.

Cup fotball 2017 Kristiansund-Florø.

TAKK: Florø-spelarane kjempa hardt, men vart eitt nummer for små mot KBK. Her takka dei alle dei tilreisande supporterane etter kampen.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Først etter knappe ti minutt, då Endre Kupen fekk ballen ved dødlinja. Med to mann i ryggen fekk han vendt unna forsvararane og i boksen stod Peter Aase som fekk avslutta, men den gjekk rett på keeper. Og berre nokre minutt seinare var Kupen frampå igjen og kom åleine med keeper frå skrått hald, men Sean McDermott i KBK-målet fekk slått unna til corner.

– Vi nådde ikkje heilt opp. Det var ein ruskete kamp der vi sleit med dei djuptliggande spissane deira. Vi fekk det ikkje heilt til, men det var fortent at dei vann til slutt. Vi var brukbart med etter målet deira og vi skaka dei på slutten, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK etter kampen.

Så jamna kampen seg ut, før KBK plutseleg hadde ein alle tiders sjanse til å gå i føringa etter ein knapp halvtime. Men åleine med keeper sette Amidou Diop like utanfor. Og KBK fekk fleire farlege dødballar etter det, men godt keeperspel frå Nicklas Frenderup hindra scoring.

Ti minutt før pause fekk Jean Alassane Mendy venda opp på 11-meteren, men avslutninga gjekk rett utanfor stolpen, men det stod 0–0 ved halvtid.

Cup fotball 2017 Kristiansund-Florø.

NÆRE: Så nære var Endre Kupen å senda ballen forbi KBK-keeper Sean McDermott, tidleg i første omgang.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Vegen til fjerde runde

Florø har tatt seg til fjerde runde ved å slå ut «storebror» Sogndal 2–1, Fana 5–1 og rivalen Førde med 2–0 i første runde.

Kristiansund på si side har møtt lag frå Trøndelag på sin veg, i tillegg til lokal motstand i første runde. Ranheim vart slått 2–0 i tredje runde, Verdal 4–0, og 3–0 mot Brattvåg.

I serien starta Florø svakt, men med seks sigrar på rad har dei klatra opp på femteplass i førstedivisjon. Kristiansund har på lik linje med Florø ein debutsesong i serien og ligg førebels på 14.-plass i eliteserien.

200 supporterar hadde tatt turen for å støtta laget, og trass tapet var det song og støtte til lenge etter kampen.

– Det er imponerande og supporterane var betre enn oss i dag. Det er artig at vi har klart å skapa ein slik entusiasme rundt laget, seier Rognsø.

Cup fotball 2017 Kristiansund-Florø.

OPTIMISTAR: Fleire hundre supporterar tok turen frå Florø til Kristiansund for å sjå laget sitt spela i fjerde runde i cupen for første gong.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen