NRK Meny
Normal

Florø rundspelte gjestane frå hovudstaden

FLORØ – VÅLERENGA 2: 3–0 (NRK): Vålerenga 2 stilte med eit toppa lag då dei vitja kystbyen. Men verken Florø-trenaren eller det unge laget hans let seg skremme.

Florø rundspelte Vålerenga 2

SIGER: Florø-spelarane kunne kaste seg over kvarandre tre gongar i kampen mot Vålerenga 2.

Foto: TRULS KLEIVEN

I strålande sol frå knallblå himmel var det duka for eit svært viktig oppgjer på Florø stadion i ettermiddag. Florø kjempar om opprykk til førstedivisjon, og før kampen i dag låg Nest-Sotra hakket føre på målskilnad.

Men det var før Florø i periodar rundspelte gjestane frå aust.

– Vålerenga 2 stilte med det sterkaste dei kan stille omtrent. Men det var eg ikkje så misnøgd med. Eg sa til gutane før kampen at vi skal fikse det, seier Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen.

Og 1320 publikummarar fekk vere vitne til at trenaren fekk rett.

Florø vann 3-0 då Vålerenga 2 vitja kystbyen måndag ettermiddag. Med det er gjestane eitt steg nærare opprykk.

JUBELSCENER: Sjå korleis Florø-spelarane jubla i garderoben etter kampen. FOTO: Truls Kleiven.

– Vi bør vinne meir

Første omgang var prega av stillingskrig. Og betre vart det ikkje då Runar Hove måtte ut med skade ein halvtime inn i kampen.

Rognsø vart dermed tvinga til å gjere omrokeringar, men gir skryt til laget for å ikkje la seg stresse.

Berre minutt seinare klinka Stefan Aase ballen i nettmaskene, og resten av kampen var det heilt klart vertane som styrte kampen. Då dommaren bles i fløyta etter 93 minutt hadde også Endre Kupen og Peter Aase notert seg på skåringslista.

– Vi bør vinne meir, ut frå sjansane. Vi er solide, pressar dei til å gjere feil og er på heile tida, seier Rognsø.

Gå til forsiden

Florø rundspelte Vålerenga 2

Endre Kupen i kampen mot Vålerenga 2

Florø rundspelte Vålerenga 2

9 bilder

    Bomma på straffe

    Målskårar Endre Kupen er samd med den karakteristikken.

    – Det var ein bra førsteomgang, men ein endå betre andreomgang. Då rundspelte vi Vålerenga til tider, gliser han.

    Sjølv er han mest misfornøgd med straffebommen sin i andreomgang.

    – Eg stod for lenge og tenkte. Det var ein heilt utilgiveleg bom. Men vi vinn 3-0, og det er det viktigaste, seier Kupen.

    Budd på tøff innspurt

    Med tre viktige poeng leiar Florø tabellen før dei tre siste kampane. Trenar Terje Rognsø tek ingenting for gitt, og er budd på ein svært tøff sesonginnspurt.

    Vi har utfordringar på skadesida, men igjen så viser vi at troppen vi har er viktig. Det er konkurranse om plassane, og vi har ekstremt gode spelarar å sette inn, seier han.

    Intervju med målskårarane Stefan Aase, Peter Aase og Endre Kupen, og Florø-trenar Terje Rognsø.

    TRE POENG: Vi tok oss ein prat med målskårarane etter kampen. FOTO/REDIGERING: Truls Kleiven.

    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
    Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen