Hopp til innhold

No trur heile Florø på opprykk

FLORØ (NRK): Med fire kampar att å spele i årets sesong ligg Florø på toppen av andredivisjon. No er det fotballfeber i kystbyen.

Florø-supporterar

FOTBALLFEBER: Florø kan rykke opp til nivå to i norsk fotball for første gong i historia, no er stemninga elektrisk i byen.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

– Det er hysterisk stemning her no, det er berre fotball, fotball. Og Endre Kupen er stjerna i byen.

Slik skildrar kollegaer av Florø-spissen Endre Kupen stemninga i byen nett no. Kupen kom til klubben frå Tornado Måløy tidlegare i fjor, og jobbar til dagleg på Saga Fjordbase. Med 23 mål på 19 kampar er han suveren toppscorar i divisjonen, men tek det heile med fatning.

Les også: Han har tent FSK i 44 år, no tek han eit år til.

– Eg er inga stjerne, eg scorar berre veldig mykje mål, seier seljeværingen.

Jubel på fjordbasen

STOLTE KOLLEGAER: kollegane til toppscorar Endre Kupen på fjordbasen planlegg å feire med fest på bua i florø om det skulle bli opprykk

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette er lokale gutar

Og alle måla hans er nok ein viktig del av vinnaroppskrifta, men journalist i Firdaposten Dag Frøyen har fleire forklaringar.

– Dette er lokale gutar som ikkje fryktar noko eller nokon. Dei spelar på eit veldig høgt nivå, dei er sterke og dei kjemper hardt. På mange måtar er dei allereie på førstedivisjonsnivå i dag.

Frøyen har følgt klubben i 18 år, og han merkar godt fotballfeberen som no herjar byen.

– Florø har, saman med Nest-Sotra, vore på eit heilt anna nivå enn resten av divisjonen i år. Dei syner ein enorm vinnarvilje, og folk har trua på dei skal ta den heilt ut.

Nøktern trenar

Trenar Terje Rognsø har fått til imponerande mykje sidan han tok over klubben i tredjedivisjon, men vel å halde beina på bakken medan sambygdingane hans tek heilt av.

– Det er klart det er kjekt at folk bryr seg, og det er kjekt med entusiasme. For oss er det likevel viktig å berre ta ein kamp om gongen, og ha fokus på det vi kan gjere noko med. Så får vi heller sjå til slutt om det er godt nok til å gå heile vegen.