Hopp til innhold

Florø med stø kurs oppover – Førde klare for tredjedivisjon

Etter 21 av 26 rundar kan ikkje eingong teorien redde Førde. Medan erkerivalen ligg heilt øvst, med tre poeng ned til Nest-Sotra på andreplass.

Florø fossar vidare med 4-0 mot Fana.

JUBLAR: Florøspelarane jublar for scoring i 4–0 sigeren mot Fana.

Foto: TRULS KLEIVEN

I toppen av årets andredivisjon fossar Florø vidare. Laurdag fekk dei besøk av Fana. Bergensarane vart sendt heim med null poeng og fire baklengsmål i bagasjen. Florøtrenar, Terje Rognsø er storfornøgd med dagens resultat.

– Vi møtte eit lag som er fysisk sterke, og som spelar med stor innsats. Vi gjer ein ekstremt god første omgang der vi dominerer totalt. Andre omgang er eg ikkje like nøgd med, men totalt sett er det svært bra.

Fem rundar før slutt ligg Florø øvst på tabellen, med tre poeng ned til Nest Sotra på andreplass. Men Rognsø vil ikkje spekulere i sjansane for opprykk.

– Vi er i ein god posisjon, men det er fem kampar igjen. Det betyr at det er femten poeng att å spele om. Det er klart vi har eit mål om å rykke opp, men vi fokuserer på neste kamp. Det einaste vi kan gjere noko med er oss sjølve.

Florø vann 4-0 mot Fana i Florø. Det er trenar Terje Rognsø godt nøgd med.

GODT NØGD: Florøtrenar Terje Rognsø var godt nøgd med 4–0 mot Fana.

Ser mot neste år

Førde

HØGDEPUNKT: Cupsigeren mot Brann vart høgdepunktet for Førde denne sesongen.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Førde gjekk på eit 4–1 tap mot botnkollega Stord i den tjueførste runden av årets andredivisjon. Etter ein god start på sesongen der dei mellom anna slo Brann ut av cupen, er Førde no klar for tredjedivisjonsspel neste år. Førdetrenar Julian Madsen, seier dei siste kampane likevel blir viktige.

– Vi har framleis nokre kampar att, dei vil vi gjere det bra i. Vi må prøve å avslutte sesongen med stil. Så blir det viktig å slå tilbake neste år. I tredjedivisjon neste år vil det vere knallhardt. På grunn av serieomlegginga vil nivået der vere om lag like høgt som i årets andredivisjon.

Trass ein tung sesong og mykje kritikk håpar Madsen å få vere med vidare i tredjedivisjon.

– Det gjer eg. Om eg sit trygt eller ikkje vil eg ikkje spekulere i, det er det ikkje eg som bestemmer. Men eg er motivert til å halde fram som trenar i Førde.