Hopp til innhold

To grunnar til at Florø toppar tabellen

FLORØ/FØRDE (NRK): Ni år med Terje Rognsø som trenar og med Florø Idrettssenter som treningsarena. Det er hovudgrunnane til at Florø no tronar heilt på toppen av 2. divisjonstabellen. Samstundes er nabo Førde klar for nedrykk.

Terje Rognsø

TO SUKSESSFAKTORAR: Trenar Terje Rognsø og Florø Idrettssenter blir trekt fram som hovudgrunnane til at Florø no står på terskelen til 1. divisjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I to seriekampar i år har Florø vunne 4–0 og 7–0 over Førde. Laget har tapt ein seriekamp. Det skjedde 21. mai. Sidan har det blitt ein uavgjortkamp mot det andre topplaget, Nest-Sotra. Resten av kampane har enda med tre poeng.

No blir det tett kamp mot nettopp Nest-Sotra resten av sesongen. Dei to laga møtest i Florø i nest siste serierunden. Truleg blir den kampen avgjerande for kva lag som tek steget opp i 1. divisjon.

Samstundes er situasjonen motsett for Førde, som i praksis er klar for nedrykk til 3. divisjon. Kva har så Florø gjort rett og Førde feil?

Arild Melvær

– KONTINUITET: Styreleiar Arild Melvær legg vekt på at det er eit langsiktig arbeid som no gir resultat.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Terje Rognsø hovudårsaka

La oss ta Florø først. Alle vi spør som har innsikt i det som rører seg rundt Florø Sportsklubb peikar på to klare suksessfaktorar: Trenar Terje Rognsø og Florø Idrettssenter.

Styreleiaren i klubben, Arild Melvær, seier at ein annan viktig faktor er kontinuitet i leiinga av klubben. Sjølv har han vore leiar sidan 2005, i styret frå 2003.

I 2003 rykte Florø ned frå 2. til 3. divisjon. Då starta ein møysommeleg prosess med å byggje laget opp att.

– Snuoperasjonen sette inn for alvor i slutten av 2006, då Florø Idrettssenter var ferdig. Og Terje Rognsø er etter mi meining hovudårsaka til at vi har den posisjonen vi har i dag. Han er ein god trenar, og han har vore uthaldande over lang tid, seier Melvær.

– Ein utruleg jobb

Øystein Hjertenes

GLAD NESTOR: Øystein Hjertenes har hatt verv i Florø Sportsklubb sidan 1972.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rognsø overtok i 2007 eit lag med gode 12-åringar, og spelarar frå 1995-generasjonen utgjer i dag stammen i det laget som berre har eitt tap i årets 2. divisjon.

Ein annan nestor i Florø Sportsklubb, Øystein Hjertenes, har hatt verv i klubben sidan 1972. I dag er han pensjonist og kasserar. Han meiner sjølv at han legg ned eit halvt årsverk for klubben. Også han gir Rognsø mykje av æra for at det i dag går så godt.

– Han har gjort ein utruleg jobb. Han har vore tålmodig, han har gjort eit møysommeleg arbeid. Då han tok over som seniortrenar saman med Geir Rindheim i 2010 hadde vi få seniorspelarar, og vi sleit.

– Hyggeleg

Og desse svara går att hjå alle vi snakkar med. Hovudårsaka heiter Terje Rognsø.

– Det er hyggeleg at folk set pris på det eg har gjort, seier han sjølv.

I 2010 hadde han nokre få spelarar over 20 år, resten var fødde i 1994 og 1995.

– Vi var heldige fordi fotballforbundet det året opna for at førsteårs gutespelarar kunne få spele A-lagsfotball. Det var det som faktisk gjorde at vi hadde eit A-lag. Før den sesongen var det tippa at vi ville få null poeng og gå rett ned i 4. divisjon.

Men Florø vart nummer seks i 3. divisjon og greidde seg akkurat i ein sesong med omlegging av seriesystemet

– Vi hadde litt flaks med at dei unge spelarane våre fekk spele på rett arena til rett tidspunkt.

Ein av grunnane til at det purunge Florø-laget greidde seg var at Rognsø heilt frå dei var 12 år hadde terpa på alt han meiner skal til for å skape eit godt fotballag.

– Det første var å få inn ein god treningskultur. Skal du bli god må du øve mykje. Og vi trente ofte, brukte gjerne fredagskveldar og laurdagar og søndagar når det elles er tomt i hallen.

– Fotball skal spelast offensivt

Florø knuste Førde 7-0

UTKLASSING: Toppscorar Endre Kupen blir gratulert med eitt av sine 21 seriemål i 7-0-kampen mot Førde.

Foto: TRULS KLEIVEN

Terje Rognsø står for ein offensiv fotballtankegang, og det pregar dagens lag, som heller vinn 6–3 enn 1–0.

– Min filosofi og som eg set pris på er eit 4-3-3-system, der det går fort i lengderetninga, basert på eigne ferdigheiter. Eg er litt inspirert av gamle Rosenborg. Fotball skal spelast offensivt.

I 2016 har det møysommelege arbeidet gitt resultat. Rett nok starta sesongen litt trått med eit par uavgjortkampar, og 21. mai vart det tap på heimebane mot nederlagsdømte Lysekloster.

Viktige brikker utanfrå

Men det er det til no einaste tapet. Terje Rognsø meiner at eit par spelarar utanfrå har gjort sitt til det, i tillegg til at talentgjengen frå eigen stall har utvikla seg vidare.

– Vegard Gjermundstad har kome inn som midtstoppar og blitt den leiaren som vi kanskje har mangla. Og så har vi Endre Kupen som scorar mange mål, han er den notoriske målscoraren som vi treng. Trekket med å flytte Halvor Solheim-Olsen ned på midtbana har og vore veldig bra.

Vegard Gjermundstad

VELLUKKA SIGNERING: Vegard Gjermundstad kom frå Førde til Florø. Her er han med på å gratulere kaptein Stefan Aase med ei scoring.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Fin gjeng

Vegard Gjermundstad, som spelte på Førde i fjor, har vore ein viktig brikke for Florø. Han stortrivst som midtstoppar i kystbyen, sjølv om det er travelt med full jobb i Førde og mange mil i bil.

– Eg vart veldig godt motteken, eg trivst veldig godt. Det er ein fin gjeng å trene med. Eg har ikkje hatt nokon problem med å kome inn i spelargruppa. Eg har same kjensla som i første året mitt i Førde, då vi kjempa i toppen med gode spelarar i alle posisjonar.

I Florø har Terje Rognsø i fleire år køyrt med eit fast midstopparpar. Men med Gjermundstad i troppen er André Reksten flytta ut på sidebackplass. Det ser Gjermundstad på som eit sterkt tillitsvotum.

– Eg tek det sjølvsagt til meg. André er vel så god som meg i min posisjon, men å bruke han som sideback kan bli bra, det har iallfall funka bra til no. Men dei hadde vel ikkje henta meg om dei ikkje hadde hatt bruk for meg som midtstoppar.

Bengt Solheim-Olsen

GLER SEG STORT: Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Sug i magen

Tidlegare Florø-spiss, eks-ordførar og Florø-patriot til evig tid, Bengt Solheim-Olsen, gler seg som ein unge når han studerer 2. divisjonstabellen.

– Det gjer godt langt inn i sjela, men samstundes får eg eit sug i magen når eg ser på det som skal skje dei komande vekene, det at vi faktisk kjempar om å rykke opp i 1. divisjon.

Han har klare tankar om årsaka til suksessen.

– Langsiktig, godt arbeid med å utvikla lokale talent, med fokus på ball og fart. Og nøkkelen til det heile er sjølvsagt hovudtrenar Terje Rognsø. Resultat kjem ikkje over natta, sjølv om mange i fotballverda ynskjer det.

– Motsett av Florø

Han seier det er synd at Førde rykkjer ned.

– Det kjem av at dei har gjort det meste heilt motsett av Florø. Mellom dei som har spelt mange A-lagskampar for Førde dei siste åra må du leite for å finne mange som har oppvekst i Førde eller nabokommunane.

Solheim-Olsen er ikkje åleine om å undre seg over kva som har skjedd med Førde, sidan 13. april, då laget slo Brann ut av cupen. Spelarar, støtteapparat og publikum i Førde var i fyr og flamme etter cuptriumfen.

Alle trudde laget gjekk mot ein god sesong. Når dei elleve i kvitt og svart kunne spele jamnt med Brann burde det gå greitt å vinne nok kampar i 2. divisjon til å sikre ny kontrakt.

Førde

HØGT OPPE: Førde-spelarane og eit talrikt publikum feirar cupsigeren mot Brann. Dei aller fleste av tilskodarane i den kampen var vekke alt før laget tok til å tape seriekampar.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Mange baklengsmål

Men kvardagen melde seg fort, og publikum svikta først. 80 prosent av dei som såg Brann-kampen var borte då Førde fire dagar seinare spela uavgjort 1–1 mot Sola.

Etter eit par uavgjortkampar i starten kom fire tap på rad, det verste 0–7 mot Fyllingsdalen. Etter ein bra periode i juni med to sigrar og to uavgjortkampar vart det 0–4 mot Lørenskog 25. juni, og sidan har det berre vore tap – til dels store tap.

Og aller verst gjekk det mot nabo Florø som nedsabla Førde med 4–0 i Førde og 7–0 i Florø.

«No skjer det igjen»-tanken

Julian Madsen

– HAR SLEPPT INN FOR MANGE MÅL: Førde-trenar Julian Madsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trenar Julian Madsen trur ikkje cupkampane mot Brann og Sogndal har hatt særleg stor negativ innverknad på serieinnsatsen til Førde.

– Vi overpresterte i desse kampane, og det gjorde noko med forventningane til oss. Men vi taper ikkje kampar i august på grunn av to kampar på våren. Og når det gjeld motivasjon og innsats meiner eg at det ikkje er der skoen trykkjer.

Han meiner det er mange grunnar til at dei no er klare for nedrykk.

– Vi har sleppt inn alt for mange mål. Vi har vore for snille i eigen boks, og vi har blitt straffa knallhardt for offensive feil.

Madsen meiner mykje ligg på det mentale planet.

– Sjølvtillit er eit viktig stikkord. I andre enden av skalaen ligg negativ gjenkjenning, og det trur eg har plaga oss fælt denne sesongen. «No skjer det igjen» er tanken som spreier seg etter eit baklengsmål.

Nær nedrykk i to år på rad

No skal det seiast at Julian Madsen tok over som trenar for eit lag som var svært nær å rykkje ned også i fjor. Berre eit skippertak med siger i dei tre siste kampane berga plassen.

I år måtte laget bli blant dei sju beste for å overleve på grunn av omlegging av seriesystemet. Mange NRK har snakka med peikar på det som ein ekstra stressfaktor når ting har butta imot.

Kjetil Bolsø

– HAR IKKJE VORE GODE NOK: Sportsleg ansvarleg Kjetil Bolsø i Førde IL Fotball.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kjetil Bolsø, som er sportsleg ansvarleg i styret i Førde IL Fotball, seier det er fleire grunnar til at laget ikkje har prestert godt nok. Og det er ikkje nytt av året at dei slit.

– Vi har vore på nedre delen av tabellen i fleire år. I fjor vart vi berga i siste kampen, året før sikra mål av Øystein Myrkaskog i dei tre siste kampane at vi heldt plassen. Vi har hatt ein god sesong, det var for fire år sidan.

– Kan hende feil fokus?

Bolsø seier dei har ein kontrastfylt sesong bak seg.

– Cupkampen mot Brann er vel det beste som er prestert i Førde si fotballhistorie. Men vi greidde ikkje å gjenskape det i serien. Det kan hende vi fekk feil fokus og brukte for mykje energi i cupen.

Når sesongen er slutt må Førde finne ut av vegen vidare. Kjetil Bolsø ser ikkje vekk frå at dei vil sjå på kva Florø har gjort.

– Florø har gjort mykje bra, så vi har mykje å lære, og det er kjekt at dei gjer det så bra.

– Har ikkje foredla talenta godt nok

Han seier at for Førde er det viktig å vere ein breiddeklubb, men samstundes vil dei ha eit best mogeleg førstelag.

– Det er like viktig. For oss er det viktig å sjå alle, at alle har eit tilbod, men det betyr ikkje at vi ikkje skal satse på einarane og prøve å få fram gode talent. Der har vi ikkje vore gode nok, det må vi berre innrømme.

– For det har vel ikkje mangla på gode talent i Førde heller?

– Nei, vi har hatt mange gode spelarar, og vi har ikkje foredla dei godt nok til å ta steget opp på a-lagsnivå. Det må vi ta sjølvkritikk på og prøve å gjere ein betre jobb.

Eirik Flatjord (t.v.) og Kim Vik

– TUNG SESONG: Eirik Flatjord og dei andre spelarane i Førde må innsjå at nedrykket er eit faktum. Her i duell med Florø-spelar Christer Husa.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Tabellen lyg ikkje

Førde-veteran Eirik Flatjord trur ikkje cupkampane mot Brann og Sogndal har fått han og medspelarane til å misse fokus på serien. Han meiner det er vanskeleg å peike på opplagde årsaker til at Førde no er på jumboplass og i praksis klar for nedrykk.

– Tabellen lyg ikkje, vi har ikkje prestert godt nok. Det er vanskeleg å peike på nokon spesiell grunn, no må vi berre prøve å finne positive opplevingar i dei kampane som står att. Det har vore ein tung sesong.

– Kor mykje av ansvaret for dette ligg på trenar Julian Madsen?

– Vi ute på bana har like mykje ansvar for det som er prestert som Julian.

Laster innhold, vennligst vent..