Hopp til innhold

I fjor spelte dei om Bangkok – i år spelar dei om Melbourne

FLORØ (NRK): Etter opprykket til 1. divisjon fekk dei tur til Las Vegas. No har trenar Terje Rognsø lova dei tur downunder dersom dei rykke opp til Eliteserien.

Skåring

SIGER: Florø tok alle tre poenga etter skåring av Peter Aase. Kampen enda 1-0 til heimelaget.

Foto: Truls Kleiven

– No høyrde eg nettopp at vi skal til Melbourne dersom det verte opprykk. Så får vi sjå om Terje held ord, men det brukar han, ler Peter Aase, målskåraren som sikra Florø tre poeng mot Kongsvinger.

Etter opprykket til 1. divisjon i 2015 fekk Florø-spelarane tur til Las Vegas. I fjor vart dei lovt tur til Bangkok dersom dei rykka opp. I år lovar Rognsø dei tur til Melbourne om det blir eliteserien frå og med 2019.

– Ja, kva skal eg seie, humrar Rognsø. – Det er viktig med eit gulrot. Skulle det skje så skal eg ordne det, lovar han.

Florø-trenaren skryt av laginnsatsen og meiner dei er heldige som får mål i ein tett og jamn kamp.

– Å vinne 1–0 er ufatteleg herleg, seier han.

Florø stadion

FLORØ STADION: Nesten 1000 personar hadde teke turen for å sjå årets første heimekamp på Florø stadion.

Foto: Truls Kleiven

Vil ha fleire mål

– I fjor hadde eg to mål og det var for lite, så i år har eg mål om å skåre fleire. Dette er ein god start, seier Peter Aase.

Aase har trua på at det kan bli ein bra sesong for Florø.

– Vi viser framgang. Vi har hatt nokre utskiftingar, men vi viser likevel at vi har det som skal til og er klar til å ta nye steg, seier midtbanespelaren.

Peter Aase skårar

MÅLSKÅRAR: Peter Aase sikra Florø tre poeng mot Kongsvinger.

Foto: Truls Kleiven

Tøff sesongstart

For gjestane har det vore ekstra tøft dei siste vekene. Rett før sesongstart mista dei Adrian Olvien som døydde av akutt infeksjon. I første serierunde vart han heidra, men laget tapte 2–0 mot Viking.

– 1. divisjon er slik at om du ikkje skårar så vert det tilfella som styrar og då var vi uheldige i dag, seier Hans Erik Eriksen.

Det vart ein travel kamp for dommaren som måtte dele ut det gule kortet seks gonger. Til tider var det høg temperatur mellom spelarane, og benkane.

– At det er litt temperatur, det skal vi leve med og vere glad for at det er, seier Eriksen før han sett seg på bussen austover.

ampert

HØG TEMPERATUR: Dommaren måtte fleire gonger skilje spelarane. Det vart delt ut tre gule kort til kvart av laga.

Foto: Truls Kleiven

Skadar i forsvarsrekkja

– Vi tar ein kamp om gangen, seier Rognsø

Rognsø saknar Runar Hove som er ute med skade, men er strålande nøgd med forsvarsrekkja og spesielt av Vegar Gjermundstad som spelte med småskade.

– Det går heilt fint å spele med, det blir ikkje verre. Det er nye arbeidssko på jobben som er skuldig, men det går bra – det er ikkje noko stress, smiler forsvarskjempa.

No ligg Florø på delt tredjeplass saman med Ålesund. Neste søndag møtast dei to laga i Jugendbyen.

Laster innhold, vennligst vent..