Hopp til innhold

Florø må klare seg utan Erlend (21)

Då Erlend Hove deisa i bakken i oppgjeret mot Sola forstod han raskt at noko var gale. No blir laget ståande utan ein av dei mest sentrale spelarane i kampen om opprykket.

Erlend Hove med handa i fatle

HANDA I FATLE: Erlend Hove har ein del smerter etter at han gjekk i bakken under kampen mot Sola i går. No må han gå i minst seks veker med handa i fatle.

Foto: Runar Hove

– Det er veldig kjedeleg, men sånn er det, seier 21-åringen på telefon frå Bergen.

Der går ha no rundt med høgrearmen i fatle, med forbod mot å røre mykje på armen.

– Det skal gro av seg sjølv, så eg må halde skuldra heilt roleg.

Rett på sjukehus

Dermed har det som absolutt ikkje burde skje, skjedd. Florø, som har vore suverene gjennom heile sesongen og ligg godt an til opprykk, må klare seg ut ein av sine beste.

Hove har notert seg med drøssevis med målgivande, og nest flest skåringar. Men i kampen mot Sola i går fekk kjempesesongen hans ein brå slutt.

– Eg merka at noko var rart. Eg låg der og vreid meg i smerte, så kom Røde Kors og sjukebil, og det var rett på legevakta og sjukehus, fortel han om situasjonen.

Det var i kanten av 16-meteren at Hove gjekk i bakken då han skulle dra seg forbi ein motspelar. Etter først å ha landa på skuldra, fekk han motspelaren oppå seg.

Etter fire timar på legevakta og sjukehuset konstaterte legane brot i eit bein mellom kragebeinet og skuldra.

Erlend Hove på Florø i hovudduell framfor mål

STERK I HOVUDDUELLAR: Erlend Hove er kjent for å vere sterk i lufta. Her under ein kamp i fjor.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vanskeleg å erstatte

Terje Rognsø, Knut Erik Folland i bakgrunnen

VANSKELEG Å ERSTATTE: – Vi håpar at den breie stallen vår, som utan tvil er sterk, kan bli utslagsgjevande no. At spelarar vi set innpå no kan levere varene, seier Florø-trenar Terje Rognsø om situasjonen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg trudde ikkje det var så alvorleg, men no blir han ute i seks til åtte veker, så sesongen ryk for hans del, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Han legg ikkje skjul på at det er stritt å miste ein slik spelar i sesonginnspurten.

– Det som er den største utfordringa vår er at han er vanskeleg å erstatte i duellspel. Han er ekstremt god i lufta. Vi har mange gode spelarar, men ikkje så mange som har den hovudstyrken, seier Rognsø.

Før kampen mot Sola gav Rognsø i Firdaposten klart uttrykk for at han ikkje frykta kort og karakter i innspurten. Heller ikkje etter gårsdagens skade kvir han seg for dei siste fire kampane.

Erlend Hove med handa i fatle

KJEDELEG: Seier Erlend Hove om at han er ute med skade.

Foto: Runar Hove

– Skader og karantene er ein del av fotballen. Vi kan ikkje gå rundt og vere redde for det. Vi må vere offensive og tru på den troppen vi har.

Trur lagkameratane fiksar det

Florø leiar avdelinga si med seks poeng føre Nest-Sotra. Men Nest-Sotra har ein kamp mindre spelt. Dermed kan Florø allereie i morgon vere nede i tre poeng forsprang.

Hove har god tru på at lagkameratane står løpet ut.

– Eg meiner vi er underdogs, og ikkje har noko press på oss. Vi tek ein kamp om gongen, og har vi fokus då, så trur eg vi skal klare opprykk.

Sjølv utan deg?

– Ja, svarar han kontant.