Hopp til innhold
Florø fotball vs. Fjøra
Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no

Florø fotball

Oppsummert

Få siste nytt om Florø fotball. Har du tips? Send oss ein e-post på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

Laster innhold, vennligst vent..
  • Tidlegare Florø-keeper med tap i Gold Cup – møter USA måndag

    Fotballturneringa CONCACAF Gold Cup blir for augeblinken arrangert i Canada og USA. Gold Cup er det nord- og mellomamerikanske meisterskapet i fotball for menn, og i dag møttest landslaga til Jamaica og Trinidad og Tobago til kamp i gruppe A.

    I mål for Trinidad og Tobago stod tidlegare Florø-keeper Nicklas Frenderup. Mannen med nesten 100 kampar for Florø har stått begge Trinidad og Tobago sine kampar i meisterskapet. Mot Jamaica, og profilerte namn som Premier League-spelarane Michail Antonio, Leon Bailey og Demarai Gray, måtte Frenderup sjå fire ballar gå i eige nett.

    Natt til måndag 3. juli møter laget USA til gruppespelets siste og avgjerande kamp. Denne må dei truleg vinne for å avansere til kvartfinalen.

    Nicklas Frenderup
    Foto: Kjell Arvid stølen / NRK
  • Scora fire mål på 11 minutt

    På berre 11 minutt scora Florø Fotball fire mål mot Fløya. Fram til no i andre omgang har Florø nok ein gong putta ballen i mål. Stillinga er no 1–5.

  • Scora etter tre minuttar i debuten

    Mathias Sundberg brukte tre minuttar på å markere seg for Tromsdalen i 2. divisjonsoppgjeret mot Florø. 18-åringen, som er på lån frå Sogndal, ga laget frå nord leiinga frå straffemerket. Christer Husa reduserte til 1-4 for vertane i siste minutt. Florø Fotball er nest sist i divisjonen med null poeng.

Sjå måla i kampen mellom Fjøra og Florø