Hopp til innhold

Viking sin skrekkstatistikk held fram – tapte viktige poeng i opprykkskampen

Florø tok tre viktige poeng i kampen mot nedrykk, medan Viking tapte terreng i kampen for å kome seg opp att i eliteserien. – Det var eit fortent resultat, seier Viking-trenaren.

Florø fotbal-Viking, sjølvmål av Magnus Nakkim

SJØLVMÅL: Her er Viking-forsvarar Markus Nakkim uheldig og sett ballen i eige mål som gav Florø leiinga 1–0.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Etter at det stod 0–0 til pause i oppgjeret mellom topp og botnen av førstedivisjon rann måla inn i andre omgang.

Det enda 3–2 til heimelaget og Viking si rekke med tap på naturgras er forlenga. Tidlegare i år har dei tapt borte mot Sandnes Ulf, Jerv og Nest-Sotra på naturgras.

– I dag var det veldig gode baneforhold så vi kan ikkje skulda på underlaget i alle fall. Det var ein tett og jamn kamp, men Florø var gode så det var ikkje ufortent at dei vann, seier Viking-trenar Bjarne Berntsen til NRK.

Florø fotball-Viking, jubel

JUBEL: Florø-spelarane jublar for 3–1-scoringa, medan Viking-spelarane såg resignerte ut.

Foto: Truls Kleiven

Høiland-dobbel

Florø tok leiinga etter eit sjølvmål frå Viking-forsvarar Markus Nakkim etter ein knapp times spel. Like etter dobla Lorent Callaku for heimelaget, men Tommy Høiland reduserte like etter. Florø auka så leiinga til 3–1, før Høiland ordna nok ei redusering.

– Eg syns vi var gode og heldt oss til planen. Men det vert hektisk på slutten der når vi ikkje klarte å gravleggje kampen og dei reduserte to gonger, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø fotball, Terje Rognsø etter Viking-siger

NØGD: Florø-trenar Terje Rognsø hadde all grunn til å smila etter lagets andre strake siger.

Foto: Trulse Kleiven

Dei siste ti minutta kasta Viking alt i angrep i håp om å få med seg poeng, men Florø stod i mot og sikra tre poeng som kjem godt med i kampen mot å unngå nedrykk.

For Viking sin del tapte dei viktige poeng i kampen om direkte opprykksplass til eliteserien. Før kampen låg dei likt med Aalesund og Mjøndalen, som no har sjansen til å rykka ifrå.

– No får vi sjå korleis det går med Aalesund og Mjøndalen sine to kampar. Anten ligg vi likt med dei, eller så har vi nokre poeng opp. Det er fem kampar att og vi skal møte begge to så vi har alle mogelegheiter til å likevel rykka direkte opp, seier Viking-trenar Berntsen.

Neste kamp for Florø er borte mot Strømmen som er laget som førebels har plassen over dei på tabellen. Den kampen kan bety vinn eller forsvinn for Florø sine sjansar til å spela førstedivisjon også i 2019.

– Vi har vunne to på rad, men no er det neste kamp som betyr noko. Men det hjelper på humøret å vinne fotballkampar og det blir viktig i den veka vi skal inn i, seier Rognsø.

  • Etter at Florø og Viking hadde spelt søndag vann Strømmen 4–1 borte mot Levanger. Ham-Kam slo Notodden som er laget som innehar kvalifiseringsplassen, to poeng framfor Florø. Aalesund spelte 1–1 heime mot Jerv og fekk berre eitt poengs luke på Viking i opprykkskampen.
Laster innhold, vennligst vent..