Hopp til innhold

Sogndalsjefen trur på Florø-opprykk

FLORØ (NRK): – Florø har ein gyllen sjanse no, og eg ser ikkje kvifor det ikkje skal halde heilt inn.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, såg Florø slå Vard-Haugesund på laurdag. Han trur laget frå kystbyen har gode sjansar til å rykke opp.

SJÅ VIDEO: Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, har trua på Terje Rognsø sitt 2. divisjonsmannskap. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

Det seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, etter at han i helga såg Florø vinne 4–2 mot Vard Haugesund.

Laget frå kystbyen har like mange poeng som avdelingsleiar Nest-Sotra når det står att ni rundar av 2. divisjon.

– Florø verkar sterke. Sjølv om dei får nokre mål mot, så dominerer dei totalt i spelet sitt. Dei ser ut til å ha god breidde og gode alternativ i stallen, noko som blir avgjerande utover hausten, seier Flo.

Spennande periode

Medan Førde-skuta heldt fram med stø kurs mot 3. divisjon etter 4–5 mot Vidar, såg den tidlegare englandsproffen Florø-spiss Endre Kupen stadfeste posisjonen som den mest målkåte i avdelinga med si 15. scoring for sesongen.

Flo såg også Simen Brekkhus, som er på lån frå Sogndal, komme inn som innbytar med kring halvtimen att. Ikkje minst, han såg Florø ta poenga som gjer at dei framleis held tritt i toppen av tabellen.

Florø har ni sigrar og ein uavgjort på sine ti siste kampar. Nest-Sotra har tre uavgjort og sju sigrar.

I nest siste seriekamp møtes dei to topplaga – i Florø.

– Det er kjekt å sjå Florø, med den drive, entusiasme og lidenskap som er her. Dei er inne i ein spennande periode, seier Flo.

– Kva råd har du til Florø no?

– Det er viktig å bygge kultur kvar dag i treninga. Ein må også setje av mykje av tida til rekruttering. Men her er det veldig mykje bra å byggje vidare på.

Tettare samarbeid

Terje Rognsø

SAMARBEID: Florø-trenar Terje Rognsø håpar på tettare samarbeid med Sogndal.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Flo seier dei to klubbane no samarbeider tettare enn nokon gong. Frå før har brørne Stefan og Peter Aase, samt Kristoffer Ryland, gått mellom klubbane.

– Eg håpar vi klarer å stimulere og utvikle eit slikt samarbeid. Det vil gagne alle partar, seier Flo.

Florø-trenar Terje Rognsø er samd.

– Vi samarbeider tettare enn før, og eg håpar det blir tettare. Det er noko vi ynskjer. Sogndal har heilt klart noko å tilføre oss. I tillegg har vi litt lik tankegang om tempo og korleis fotball skal spelast, seier han.