Hopp til innhold

Flo startar på benken

Håvard Flo er med i troppen når Sogndal sesongdebuterer heime mot nyopprykka Ranheim på Fosshaugane. Kampen kan du følge direkte i nett-tv frå klokka 18.

Håvard Flo

Håvard Flo tek på seg Sogndaltrøya att, men startar truleg på benken.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Flo seier til Sogn Avis at han truleg startar på benken. Men han utelukkar ikkje at det blir speletid i løpet av kampen.

– Det kan hende, viss trenar Harald Aabrekk ser behovet. Det kan bli snakk om dei siste 10-15 minutta av kampen, seier Flo som blir 40 år i dag.

Også nykommaren Isak Scheel som Sogndal nettopp har teikna kontrakt med, er utteken i troppen.

– Eit fandenivosk press

Fredag vart det klart at Håvard Flo gjer comeback på Sogndal .

Han er klar på kva som må til for å sikre seg poeng mot det nyopprykka laget frå Trondheim.

– Vi må ha eit fandeninvolsk press, der vi viser vinnarvilje og hardt arbeid gjennom samtlege 90 minutt. Vi må også vere kyniske og smarte, seier han til nettavisa.

Følg kampen i nett-TV

Du kan følgje kampen på Fosshaugane direkte i nett-TV på NRK sine sider. For også denne sesongen vert alle kampane i 1. divisjon sendt på nettsidene våre.

Det er gratis å sjå 1. divisjon i nett-TV, men brukarane må registrere seg for å få sjå kampen. Du kan også kommentere kampen undervegs via TV-prat og «prate» med andre som ser på kampen.

Troppen

I følgje sogndalfotball.no er dette troppen som Aabrekk har teke ut.

Piotr Leciejewski - Joseph Bendik - Per Egil Flo - Even Hovland - Lars Grorud - Mats Solheim - Gustav Valsvik - Thomas Ness - Isak Scheel - Henrik Furebotn - Ole Jørgen Halvorsen - Ørjan Hopen - Elvis - Barry Kader - Espen Olsen - Tommy Øren - Ulrik Flo - Håvard Flo.

Følg kampen direkte i nett-TV 2. påskedag frå klokka 18.