Hopp til innhold

Trur på rekordjamn 1. divisjon

Måndag er det duka for den første av 30 serierundar i 1. divisjon. Trenarane er budd på ein lang, spanande og truleg rekordjamn sesong.

Åsmund Bjørkan

Trenar i Alta, Åsmund Bjørkan, trur på ein rekordjamn 1. divisjon i år.

Foto: Rune Berg / NRK

I fjor skilde det ti poeng mellom opprykkskvalifisering og nedrykk. I toppen skilde det fire poeng mellom dei fire øvste laga i divisjon. Alta-trenar Åsmund Bjørkan trur divisjonen blir endå jamnare i år.

- Av det eg har sett, så trur eg det blir endå jamnare i år. Det er vanskeleg å seie kva lag som skil seg ut. I alle fall i botn. Eg trur det blir rekordjamt og det kan bikke alle vegar, seier han.

Rein bingo

NRK har bede trenarane i divisjonen tippe korleis tabellen ser ut når fotballen er sparka for siste gong 7. november. Dei aller fleste dristar seg til å tippe Fredrikstad, Bodø/Glimt og Sarpsborg08 i toppen. Sogndal vurderer dei som ein outsider på fjerdeplass. Men frå femteplass og nedover, er det rein bingo, meiner dei.

- Det er ein veldig jamn liga. Du kan tape nesten alle kampane, men så kan du vinne alle også. Slik trur eg dei aller fleste laga kjenner det, meiner Kenneth Karlsen, assistenttrenar i Mjøndalen.

- Avheng av flaks

Denne oppfatninga deler også førehandsfavoritt Fredrikstad sin trenar, Tom Freddy Aune. Etter seks sesongar i eliteserien, er laget frå plankebyen igjen eit 1. divisjonslag.

- Dei fleste har få spelarar i stallen, det vil seie at ein er avhengig av flaks også. Ein må halde spelarane skadefrie, at bør unngå karantener som påverkar resultat så lenge ein har få spelarar i stallen. Det blir mange tøffe kampar i 1. divisjon, seier han.

Blitt tvinga fram

Bjørkan såg Alta ende på ein sjette plass i fjor - fem poeng frå både nedrykk og kvalifiseringsspel om opprykk. Medan trenar i nyopprykka Follo, Hans-Erik Eriksen, meiner omlegginga til 16 lag både i eliteserien og 1. divisjon er årsaka, trur Bjørkan spørsmål om ressursar er ei anna årsak.

- For få år sidan var det lag som satsa veldig også i 1. divisjon. No har det jamna seg litt ut. Fleire lag er tvungen til å satse på yngre krefter, dei aller fleste har liten og sårbar tropp og du har mista noko av toppane. Dei mindre klubbane kan kjempe med dei litt større, seier han.

- Positivt

- Er det eit sjukdomsteikn for norsk fotball med ein så jamn 1. divisjon?

- Min vurdering er at topplaga i 1. divisjon i fjor var minst like gode som botnlaga i Tippeligaen. No ser ein det same i Tippeligaen, at det blir brukt fleire unge spelarar. Det er heilt klart utviklande for norsk fotball på sikt at fleire unge fotballspelarar får meir speletid, meiner Bjørkan.

Overraskelse frå Trøndelag?

Nyopprykka Sandnes Ulf, Strømmen og Follo er tippa nederst. Det fjerde og siste nyopprykka laget, Ranheim, er av fleire trenarar derimot venta å kunne by på ei lita overrasking. Ingen av trenarane har tippa dei på nedrykksplass.

- Det vil alltid vere eit par lag som overraskar, utan at eg vågar å spå kven det blir i år, seier Karlsen i Mjøndalen.

Bomma i fjor

Trenarane bomma på tipsa sine i fjor. Då vart HamKam rangert på toppen, saman med Sogndal. Som kjent vart det nedrykk for hedmarkingane, medan Sogndal snubla i kvalifiseringskampen mot Kongsvinger.

Sogndal-trenar Harald Aabrekk vil ikkje tippe tabellen, eller kommentere kollegaene sin spådom om ein 4. plass i år. Han seier Sogndal har ambisjonar om å vere blant dei 20 beste laga i Norge. Med 16 lag i Tippeligaen, skulle det bety målsetnad om ein fjerdeplass i år.

1. divisjon på Nett-TV

I år som i fjor kan du sjå alle 1. divisjonskampane på NRK sitt nett-tv . Det er gratis å sjå desse kampane, men alle må registrere seg .

Første serierunde

(Klikk på lenka for å sjå kampen i Nett-TV).

Kl. 16

Fredrikstad - Alta

Kl. 18

Bodø/Glimt - Lyn

Follo - Bryne

Løv-Ham - Sarpsborg 08

Moss - Sandnes Ulf

Nybergsund Trysil - Mjøndalen

Sogndal - Ranheim


Strømmen - Tromsdalen