NRK Meny
Normal

Angriparen meiner Sogndal kan bli topp tre

Ulrik Flo trur Sogndal kan ta medalje i årets eliteserie i fotball.

Helge Haugen og Ulrik Flo

HAR TRUA: Ulrik Flo (til høgre) trur Sogndal kan ta ein sensasjonell medalje i årets eliteserie i fotball. Her saman med Helge Haugen på treningsfeltet på Fosshaugane.

Foto: Bård Siem / NRK

Det vil i så fall bli ei sensasjonell medalje og ei plassering som er stikk i strid med alle ekspertkommentatorane i norsk fotball.

Men den 26 år gamle angriparen har stor tru på laget før seriestart om nokre dagar.

– Topp tre er realistisk med den sesongoppkøyringa vi har hatt no.

– Meiner du det?

– Ja, det vil eg seie. Ein må håpe og tru, om ikkje skjer det iallfall ikkje noko, seier Sogndal-spelaren.

Olsson: – Ja, kvifor ikkje?

Sogndal-trenar Jonas Olsson

POSITIV: Sogndal-trenar Jonas Olsson vil ikkje avfeie Ulrik Flo sin spådom.

Foto: Bård Siem / NRK

Intensiteten var høg, taklingane harde og ropa høge under Sogndal si treningsøkt i Sognehallen tidlegare denne veka. Det vart mellom anna terpa på formasjonar og angrepsspel.

Like etter at treningsøkta var over sa hovudtrenar Jonas Olsson følgjande om Flo sitt utspel om at Sogndal kan ta medalje i årets serie.

– Ja, eg held med han i det. Det er alltid moglegheiter, men så veit vi også at det er mange lag i kampen om medaljane, og det er tett i toppen. Men vi skal kjempe, så får vi sjå.

– Er det realistisk av Flo å tru på medalje?

– Ja, kvifor ikkje?

– Men eg trur vi skal begynne i andre enden med å spele gode kampar, med den første mot Stabæk. Så får vi ta ein kamp av gongen og sjå kor langt det når, seier svensken.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Sogndal fotball har hatt ein sterk forsesong med mellom anna to sigrar over Brann. Kommentatorane spår at laget vil klare seg godt i årets eliteserie.

– Det er opp til oss

Bjørn Inge Utvik

– OPP TIL OSS: Seier nykomlingen Bjørn Inge Utvik.

Foto: Bård Siem / NRK
Azar Karadas

VIL TA KAMP FOR KAMP: Azar Karadas er som ein veteran å rekne på laget frå saftbygda.

Foto: Bård Siem / NRK

Også den 18 år gamle forsvarsspelaren Bjørn Inge Utvik held døra på gløtt for at Sogndal kan ta medalje i år.

– Alt er mogleg i fotball. Det viser treningskampane der vi har slått dei beste laga, seier han og held fram:

– Det er opp til oss sjølve kor jamt vi greier prestere gjennom sesongen.

Veteran vil ta ein kamp av gongen

Søndag er det sesongpremiere mot nyopprykka Stabæk borte, og berre siger vil vere godt nok om Flo sin spådom skal slå til.

Veteran Azar Karadas trur derimot det blir ein svært tøff kamp.

– Alle seriestartar er vanskelege. Vi møter eit nyopprykka lag borte, så det blir ein tøff kamp. Men vi gler oss, seier han.

Han er ikkje like sterk i trua som Flo, på at laget frå saftbygda kan hevde seg heilt i toppen.

– Det er vanskeleg å spå ein sesong. Vi er ein liten klubb med lite budsjett, men vi har ein spelarstall med mykje kvalitet og mange spennande ungdomar som er på veg fram.

– Vi får sjå kva resultatet blir til slutt, men vi må ta ein kamp av gongen, seier Karadas.

Kaptein: – Nummer åtte

Ser ein vekk frå tap mot antatt svakare lag som Førde og Hødd, der Sogndal let fleire av dei beste spelarane kvile, har laget hatt ei imponerande sesongoppkøyring i år.

Sogndal har slått Brann to gonger, dei har slått Aalesund og Start, og spelt uavgjort mot Molde. Lagkaptein Rune Bolset trur også Sogndal vil bli bra i år, men han har på si side ikkje på noko medalje.

– Nei, nøler han. Skal vi slenge ut nummer åtte, svarar han på spørsmål om kor Sogndal vil plassere seg på tabellen.

(Artikkelen held fram under)

Karl-Petter Løken

I BOTNEN: NRK sin fotballekspert tippar, som i fjor, at Sogndal vil hamne på ein 12. plass på tabellen.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Ekspert: – I botnen

NRK fotballekspert Karl-Petter Løken har heller ikkje trua på medalje. Han heller iskaldt vatn i blodet på dei som er mest optimistiske på Sogndal sine vegner.

Løken meiner Sogndal er langt unna gode nok til å ta medalje.

– Eg trur medaljane vil gå til Rosenborg, Molde og Strømsgodset. Kanskje Viking, seier han.

– Men om du skal tippe, kor på tabellen hamnar Sogndal?

– Eg trur det blir ein kamp på nedre halvdel, blant botnlaga, seier han og tippar Sogndal på ein 12. plass. Som han tippa i fjor.

Men Ulrik Flo står på sitt, og trur Sogndal kan ta medalje.

– Eg seier det er ein moglegheit, og det skal ein ikkje sjå vekk frå. Men det seier seg sjølv at det skal noko til. Medaljeplass kjem ikkje gratis. Men vi får sjå, det blir spennande, seier han med eit lurt smil.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser