Hopp til innhold

Leia 3-0 til pause, så rakna det

(MOLDE- SOGNDAL 4-4): På førehand kunne Sogndal kanskje ha sagt at uavgjort mot eit lag som Molde var OK. Men etter å ha leia med tre mål til pause blir det annleis.

Ruben Holsæter

LITT BITTERT: Ruben Holsæter noterte seg sjølv på skåringslista mot Molde laurdag ettermiddag. 4–4 vart litt bittert etter å ha leia 3–0 til pause, vedgår førdianaren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Før kampen kunne vi vore nøgde med 4-4, men etter å ha leia 3–0 til pause er det litt bittert, det er det, seier Ruben Holsæter.

22-åringen noterte seg på skåringslista då laget frå saftbygda var på besøk på Aker Stadion i Molde laurdag ettermiddag.

Men fire mål av Sogndal-spelarane var ikkje nok, vertane i Molde kvitterte nemleg med like mange.

– Ekstremt bra første omgang

På førehand var Holsæter og lagkameratane budde på ein tøff kamp. Molde har over fleire år markert seg heilt i toppen av norsk fotball, og enda sist sesong på ein kanskje overraskande sjetteplass.

– Molde er alltid tøffe, så vi visste det vart ein tøff kamp. Og det vart det også, seier Holsæter.

Men det var altså Sogndal som kom best i gang. Malick Mane fann vegen til nettmaskene allereie etter 17 minutt, før Ulrik Flo gjorde det same to gonger før laga gjekk til pause.

– Vi kom veldig godt i gang i første omgang, og leia 3–0 til pause. Det var ein ekstremt bra første omgang, seier Holsæter.

– Vi burde ha vunne

Men om det var Sogndal som hadde dominert første omgang, så vart det omvendt i andre. Molde pressa hardt på frå første minutt etter pause og tidlegare Sogndal-kaptein Per Egil Flo starta innhentinga for blåtrøyene. Molde reduserte ein gong til før Ruben Holsæter auka til 4–2 for Sogndal.

Minutt seinare var det Molde som punkterte kampen med to kjappe mål, og kampen enda 4–4.

– Vi burde sjølvsagt ha vunne når vi leia 3–0 til pause, men slik er fotballen. Molde kjem inn att i kampen etter pause. Det blir slik når dei jagar på og får ei skåring, då blir det fort fleire, seier Holsæter.

Meiner laget er i rute

Første runde i årets eliteserie blir for Sogndal sin del sparka i gang 30. mars. Før den tid ventar treningskampar mot Brann og Hødd.

Holsæter meiner laget er der dei skal vere før serien brakar laust om nokre veker.

– Eg synest vi ligg veldig bra an. Det ser ut til alle byrjar kome i form, og det har sett veldig bra ut i dei kampane vi har spelt til no. Så vi ser fram til å starte sesongen, det blir kjekt, seier 22-åringen.