Hopp til innhold

Flo har fått trenarjobb i Chelsea

For ein månad sidan varsla Tore Andre Flo at han la fotballskoa på hylla. No er det klart at han skal trene unge og lovande fotballspelarar i den engelske storklubben Chelsea.

Tore Andre Flo

TRENAR: Tore Andre Flo la fotballskoa på hylla for ein månad sidan, no er han tilbake i Chelsea der han skal trene ungdomslaget.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogn Avis skriv at stryningen skal hjelpe unge spelarar med å spele seg inn i A-stallen til laget som i år vann Champions League.

Etter halvanna år i Sogndal bestemte den høgreiste fotballspelaren seg på ny for å leggje opp. Då 39-åringen i august varsla at han hadde spelt sin siste kamp, sa han også at han håpa å kunne arbeide med fotball framover.

– Eg har teke desse trenarkursa, så det er vel hels innan trenaryrket eg har lyst å jobbe, sa Flo til NRK i august.

– Det interesserer meg veldig å trene dei som vil bli veldig gode, var beskjeden frå spelaren som då la opp for tredje gong.

Etter det Sogn Avis skal Flo no altså bli trenar i Chelsea, klubben der han sjølv hadde ei karriere frå 1997 til 2000. Ifølgje avisa er det snakk om ein trenarengasjement som først og fremst varar i to månader.

Då Flo la opp skal det også ha vore snakk om at han skulle få ei rolle i det sportslege apparatet i Sogndal, men dette vart ikkje noko av, skriv avisa.

I staden har han flytta tilbake til England der han igjen skal jobbe med dei som vil opp og fram. Flo har trenarerfaring frå tidlegare etter at han hadde sitt eige fotballakademi i London i tida før han kom til Sogndal.

Sogn Avis fekk ikkje snakka med Tore Andre Flo om den nye jobben i går.