Hopp til innhold

– Vi har mykje å takke Flo for

Tore André Flo har vore ein av Norges beste fotballspelarar gjennom alle tider. Det meiner fotballkommentator Arne Scheie.

Tore Andre Flo

EIN AV DEI BESTE: Arne Scheie skildrar Tore André Flo som ein av tidenes beste fotballspelarar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tidlegare i dag vart det kjend at Tore André legg opp som fotballspelar.

Det er slutten på ei svært lang og fantastisk fotballkarrierere, seier NRK-kommentator Arne Scheie.

– Tore André Flo har vore ein av norges beste fotballspelarar gjennom alle tider, og han har vore ein av dei som har gitt oss historiske og magiske fotballaugneblink. Det norske fotballpublikummet har veldig mykje å takke Tore André, seier Scheie.

Mange gode minne

Arne Scheie

GODE MINNE: Fotballkommentator i NRK, Arne Scheie, minnast best VM-kampen mot Brasil i 1998, der Flo var sentral i sikringa av sigeren.

Foto: Torkel Holmø

Han har mange gode fotballminne frå Flo si karriere, men den norske 2-1 sigeren over Brasil i VM i Marseilles i 1998 slår nok det meste. Både scoringa til Flo og straffesparket som følgje av at han vart riven ned, sit sterkt i minnet til Scheie.

– Alt kring den kampen hugsar alle fotballinteresserte som opplevde det. Og midt i sentrum, der var Tore André Flo og spelte ei avgjerande rolle for det eg vil kalle dei magiske minutta i Marseilles, seier han.

I fjor sommar returnerte Flo til Sogndal fotball, men der han måtte sitje mesteparten av tida på benken, medan langt mindre rutinerte spelarar har starta kampen.

– Alt har sin slutt, og Tore André er ikkje så ung og vital som han var på 90-talet. Han var, ved sidan av landslaget, heilt fantastisk i Chelsea, og sånn i ettertid kan ein lure på om han gjekk frå Chelsea for tidleg. Men for all del, opphalda i Rangers, Sunderland og Siena var jo også veldig bra. Det er få norske spelarar som har blitt unna å spele for alle dei stjernelaga, seier Scheie.

– Eventyrleg prestasjon

Den kjende fotballkommentatoren meiner det er eventyrleg av Flo å ha heldt seg på topp så lenge.

Tore André Flo

FANTASTIS PRESTASJON: Tore André Flo er blant dei få som har blitt unna å spele for så mange stjerneklubbar i så mange år, meiner Arne Scheie.

Foto: Scanpix-foto AP Photo-Domenico Stinellis

– I over tjue år har han vore med og spelt, og vi skal hugse at han heile tida har spelt på det aller ypperste og høgste nivå. Berre det er ein fantastisk prestasjon av ein utespelar. Vi har jo opplevd at keeperar har heldt seg så lenge, men veldig sjelden at utespelarar har drive det så langt som Tore André, i ein så høg alder, seier han.

At 39 år gamle Flo no vel å leggje opp, har ikkje Scheie vanskar med å forstå.

– Det har eg full forståing for, etter alle dei skadene han har hatt. Tenk dersom han ikkje hadde hatt dei. Då hadde det vore endå meir å glede seg over når det gjeld spelet til Tore André på 2000-talet, seier han.

Scheie meiner at Flo utan tvil er eit ideale for unge fotballspelarar.

– Med den framferda han har både på og utanfor på bana, så er han eit ideal for alle unge som spelar fotball og som vil begynne å spele fotball.