Hopp til innhold

Flo håper å slå Flo-slekta

Sportssjef Jostein Flo i Strømsgodset gler seg til kampen mot Sogndal søndag. Han har ikkje tenkt å vere snill med sin gamle klubb.

Jostein Flo

TRUR PÅ SIGER: Sportssjef Jostein Flo i Strømsgodset håper å få sjå kampen på Fosshaugane.

Foto: Mari Hvamb / NRK

Håvard Flo

FETTEREN: Håvard Flo er trenar i Sogndal og søskenbarnet til Jostein Flo.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Tore Andre Flo

BROREN: Tore Andre Flo (Songdal) og Jostein er brør.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX
Per Egil Flo

I SLEKT: Per Egil Flo er nevø av Håvard Flo og i slekt med Jostein. Også Per Egil spelar for Sogndal.

Foto: Sander Heggheim
Ulrik Flo

NEVØEN: Jostein Flo er onkel til Sogndalspelaren Ulrik Flo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Søndag er det ny viktig kamp for Sogndal i strevet med å skaffe seg fornya kontrakt i tippeligaen.

Dei får då besøk av Strømsgodset på Fosshaugane. Gjestene er eit av Norges beste heimelag denne sesongen og tilsvarande dårlege bortelag.

Den tidlegare Sogndal-spelar er imponert over det Sogndal har fått til.

– Ja, det er eg. Dei starta sesongen med stø kurs mot nedrykk. Men så gjorde dei nokre grep der dei først og fremst prioritere forsvaret. I tillegg til høg arbeidsmoral har dei i haust fått fram enkelspelarar som er underhaldande å sjå på, seier Jostein Flo.

Håper å vere på plass

Han reknar med å vere på plass på Fosshaugane dersom alt klaffar på heimebane.

– Dersom kona mi kjem tidsnok heim, så er eg der. Er det ein bortekamp eg verkeleg ønskjer å sjå, så er det denne.

Prestisje å slå slekta

Strømgsgodset ligg trygt midt på tabellen, medan Sogndal ligg rett over nedrykksstreken. Flo og resten av Strømsgodset kjem likevel ikkje til å vere snille med motstandarane.

– Nei, det skjer ikkje, Halve slekta er jo i og rundt Sogndal, men det er ingenting eg koser eg meg meir over enn å slå søsken og slekta der oppe. Det ligg mykje prestisje i det. Eg trur vi vinn kampen, men trur det blir ein vanskeleg kamp.