Hopp til innhold

Fleire stengde fjellovergangar i løpet av natta

Statens vegvesen melder om fleire stengde fjellovergangar i morgontimane. E16 over Filefjell og riksveg 13 over Vikafjellet er opne.

Haukelifjell, kolonnekøyring

KOLONNEKØYRING: E134 over Haukelifjell er ope med kolonnekøyring.

Foto: SKJERMDUMP / STATENS VEGVESEN

Til NRK opplyser Statens vegvesen at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er opna. E134 over Haukelifjell er open for fri ferdsel.

– Når vinden løyar så opnar me dei kanskje ein etter ein. Men nøyaktig når det blir er usikkert. Me må sjå på vêrprognosane korleis dette utartar seg, seier Jan Marøy, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Akkurat no er stoda slik:

  • Riksveg 13, Vikafjellet: Open.
  • E16, Filefjell: Open.
  • Riksveg 7 over Hardangervidda: Kolonnekøyring.
  • Riksveg 52, Hemsedalsfjellet: Open.
  • Fylkesveg 50, Hol–Aurland: Open.
  • Fylkesveg 53, Årdal–Tyin: Open.
  • Riksveg 15 over Strynefjellet: Open.
  • E134 over Haukelifjell: Open.