Hopp til innhold

Fleire stengde fjellovergangar

Vêret på fjellovergangane i Sør-Norge blir stadig verre utover søndag kveld. E6 over Dovrefjell er stengt, medan riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er stengt for personbilar. I tillegg er det kolonnekøyring på fleire andre overgangar.

Kolonne på Hemsedalsfjellet ved Bjøberg

KOLONNEKØYRING: På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har det vore kolonnekøyring sidan klokka 16 søndag ettermiddag. Bilete er teke klokka 22 ved bommen på Bjøberg, på austsida av fjellovergangen.

Foto: Statens vegvesen

Like etter klokka 21.30 søndag kveld vart fylkesveg 50 Hol-Aurland stengd på grunn av uvêr. Den sterke vinden som er meldt inn over fjellet i Sør-Norge er venta å ta seg opp endå meir utover kvelden og natta.

Rundt ein halvtime seinare blei E6 over Dovrefjell stengt på grunn av uver. Det er også innført kolonnekøyring over Hardangervidda. Det er også innført kolonne på E134 over Haukelifjell.

Riksveg 13 over Vikafjellet blei stengt like etter midnatt.

Laster Twitter-innhold

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har det sidan 18-tida søndag kveld vore så vanskelege køyreforhold at det er berre tyngre køyretøy, dei over 7,5 tonn, som får vere med i kolonnene.

– Det er nok meir sannsynleg at vegen her går frå kolonnekøyring for tyngre køyretøy til stengt, enn den andre vegen, er beskjeden frå Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 18.15.

Ein time tidlegare sa vakthavande Morten Hansen at folk må bu seg på at situasjonen blir stadig verre utover kvelden og natta.

– Det er venta at det blir verre enn dette også utover kvelden og natta. Så folk må vere obs på at dette er berre starten i høve vinden.

Trur mange har reist tidlegare på dagen

Tidlegare i dag kom Vegtrafikksentralen med ei klar oppmoding til folk som skal fjellovergangane søndag.

– Skal du over fjellet det neste døgnet, kan det vere lurt å komme seg av garde no, sa trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal søndag føremiddag.

Det er ein kraftig sørleg vind i kombinasjon med nedbør det neste døgnet, som kan føre til stengde fjellovergangar.

Klokka 17.30 seier Hansen ved Vegtrafikksentralen at det ser ut til at folk har følgt oppmodinga.

– Dette har vore varsla ut, og det ser ut til at folk har reist tidlegare på dagen.

Åtvarar om vanskelege køyreforhold

Det bles tidleg søndag kuling på fleire av Meteorologisk institutt sine stasjonar i fjellet. Tidleg søndag ettermiddag vart det innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet, og fleire av dei andre fjellovergangane har følgt etter.

Nedberge Hille ber reisande om å halde seg oppdatert på vegmeldingane.

Roger Nedberge Hille

VARSLAR: Trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ber folk som skal over fjellet om å legge ut no.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vinden blir ikkje like kraftig på alle fjellovergangar. Filefjell ser ikkje ut til å få så mykje vind at dei blir stengde, les Nedberge Hille ut frå prognosane.

Derimot kan det bli både kolonnekøyring og stengingar på dei andre fjellovergangane, der sørleg vindretning tek meir. Meteorologisk institutt har åtvara om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge.

Vikafjellet

KOLONNE: Vikafjellet vart den første fjellovergangen med kolonnekøyring i dag. Første kolonnen gjekk frå Storehaugtunnelen klokka 1330.

Foto: Statens vegvesen / Vegkamera

Ifølgje prognosane er det fare for nattestenging på Hol–Aurland. Den kraftigaste vinden er venta å treffe indre strok av Nordfjord, dermed er også Strynefjellet utsett.

– Her er det venta vind på over 20 meter i sekundet, så det kan fort bli problem, seier Nedberge Hille.

I Hordaland har den kraftige vinden sørga for kolonnekøyring over Hardangervidda. Her har brøytemannskapa meldt tilbake til Vegtrafikksentralen i Bergen at det ut frå vêrprognosane kan bli kolonnekøyring frå klokka 19.

Slik er det på fjellovergangane

Rundt klokka 05.50 melder Statens vegvesen om følgjande situasjon på fjellovergangane i Sør-Norge:

  • E6 Dovrefjell: Stengt på grunn av uvêr. Vegvesenet anbefaler omkøyring via riksveg 3 gjennom Østerdalen.
  • E16 Filefjell: Ope. Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på strekningen Haukelitunnelen – Austmannalitunnelen på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring køyretøy over 7.5 tonn. Stengt for lette køyretøy.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt på grunn av uvêr.