Hopp til innhold

– Eg vil ikkje anbefale folk å gå ut for å kjenne på vinden

Det bles kraftig i fjellet og kysten på Vestlandet og i Trøndelag søndag kveld. Utover natta og i morgontimane måndag er det venta at vinden skal ta seg opp endå meir.

Sterk vind søndag

STERK VIND: Slik ser registreringane til Meteorologisk institutt ut over vinden søndag ettermiddag.

Foto: Skjermdump/Meteorologisk institutt

– Den kraftigaste vinden og vindkasta er venta i natt og utover morgontimane i morgon månad, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe til NRK klokka 20.30 søndag kveld.

I løpet av kvelden har det blitt kraftige vindkast fleire stader på Vestlandet og i Trøndelag. Mellom klokka 18 og 19 vart det observert vindkast på 36,8 meter i sekundet i Drivdalen i Trøndelag, medan det på Kråkenes, heilt på kysten i Sogn og Fjordane, var målt vindkast på 35,3 meter i sekundet.

– Det kan godt ha blåse kraftigare andre stader enn der vi har målestasjonane våre, understrekar Alsvik Walløe.

Meteorologane klarar ikkje å føreseie kvar vindkasta vil ta som verst, men ber folk som veit at dei bur utsett til om å vere førebudde.

– Vindkasta er ubereknelege. Eg vil ikkje anbefale folk å gå ut i vinden i natt, seier Alsvik Walløe.

Her blir det verst

Meteorologane har dei siste dagane varsla at svært sterk vind vil slå inn over Vestlandet. Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg hos Meteorologisk institutt sa tidlegare søndag at prognosane ikkje er ekstreme nok til at det blir sendt ut noko ekstremvarsel.

Søndag kveld er situasjonen den same. Likevel, mindre område kan bu seg på vindkast over 35 meter i sekundet.

– Vi har sett grundigare på prognosane og det ser ut til at Nordfjord, indre strok av Møre og Romsdal og Dovrefjellområda kan få dei kraftigaste vindkasta og vinden i fjellet, seier han.

– Mykje vêr

Eit kraftig høgtrykk over Baltikum og eit kraftig lågtrykk ved Island vil frå søndag gi kraftig vind frå sør langs, i fjellet og fjord- og dalstrok spesielt utsett for vind frå sør søraust. Varselet gjeld i første omgang frå Vest-Agder i sør, til Trøndelag i nord.

I Vest-Agder og Rogaland er det i tillegg venta store nedbørsmengder.

Meteorologisk institutt har overvaka situasjonen sidan laurdag.

Uvêr på veg mot Sør-Noreg

KRAFTIG VIND: Det blir kraftig vind over store delar av Sør-Norge. Natt til tysdag vil vinden flytte seg nordover.

Foto: Meteorologisk institutt

I staden for ekstremvêrvarsel, sender meteorologane obs-varsel for vindkast på 25–35 meter i sekundet. Dei trekkjer ikkje tilbake Fase A-varselet, men vil følgje med på utviklinga.

– Det blir veldig mykje vêr, så vi rår frå å reise i fjellet og ute med kysten. Ved Stad vil det blåse sterk storm frå sør. På dei aller høgaste toppane vil det blåse opp i orkan, seier han.

Allereie kuling i fjellet

Den sterkaste vinden er venta seint søndag kveld og natt til måndag. Selberg seier ein vil merke store lokale skilnader. Allereie bles det kuling fleire stader i fjellet.

– Og det blir ikkje mindre i løpet av dagen, seier Selberg.

– Lokalt kan ein gå over dei varsla verdiane, men det er vanskeleg å seie kvar. Det vi er mest uroa for er at det blir bølgje i luftmassane når luft går over fjell. Då kan den veldige vinden slå ned. Vindkasta er så pass kraftige at dei kan gjere skade, seier han.

Vanskelege køyreforhold

Håvard Stensvand

VENTAR: Beredskapssjef Håvard Stensvand ber folk sikre seg og sine gjenstandar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det følgjer også noko nedbør med fronten. Meteorologane har allereie sendt varsel om vanskelege køyreforhold i heile Sør-Norge.

Måndag aukar snøskredfaren frå moderat til stor i Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss, Hallingdal og Vest-Telemark.

Beredskapssjef Håvard Stensvand i Sogn og Fjordane seier han er ventar på eit eventuelt ekstremvêrvarsel før han varslar kommunane.

– Uansett ekstremvêr eller ikkje, vinden kan bli så kraftig at folk må sjølve vurdere om dei bur så utsett til at båtar eller andre lause gjenstandar må sikrast, seier Stensvand.