Hopp til innhold

Kallar inn ekstra mannskap for å vurdere uvêr

– No er vi i fase A. I neste fase får uvêret namn, seier Geir Ottar Fagerlid.

Uvêr på veg mot Sør-Noreg

KRAFTIG VIND: Dei blå felta viser kvar i Sør-Noreg vinden blir kraftigast.

Foto: Meteorologisk institutt

Det er venta kraftig sør søraustleg vind i Sør-Noreg søndag og måndag, med vindkast på 35-45 meter i sekundet frå Trøndelag til Sogn og Fjordane.

Laurdag auka Meteorologisk institutt overvakinga av situasjonen. Søndag morgon er situasjonen den same.

Det som er sikkert, er at det kjem kraftig vind over Sør-Noreg.

– Spørsmålet er om den slår ned. Det er det som er så skummelt. Men vi veit enda ikkje om den kjem til å slå ned, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg søndag morgon.

Får namn i neste fase

Geir Ottar Fagerlid

FASE A: – Vêret vil vare ganske lenge, frå søndag kveld til måndag kveld. Vinden blir kraftigast om natta, men den blir også kraftig både før og etter, seier Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

Meteorologisk institutt får oppdatering fire gonger for dagen. Og med stormen like om hjørnet, ser meteorologen potensial for ekstremvêr. Instituttet har sett inn ekstra mannskap for å vurdere situasjonen.

– No er vi i fase A. I fase B gir vi uvêret namn og sender vi ekstremvêrvarsel, sa statsemeteorolog Geir Ottar Fagerlid på laurdag.

– Kva må til for at situasjonen blir ekstremvêr?

– Det er ei heilskapeleg vurdering. Ein del kriteriar må vere oppfylte, og prognosane bør også vere uendra eller forverra.

– Det er framleis eit veldig kraftig høgtrykk i aust og veldig kraftig lågtrykk i vest som pressar mot kvarandre. Tre-fire kilometer over oss er det vindar på 100 knop, seier han.

– Spørsmålet er korleis folk i låglandet vil merke dette. Vi ventar vindkast opp i 35–45 meter i sekundet på kysten, i fjellet og område utsett for sør søraust vind. Det er over kriteria vi har sett for ekstremvêr, legg Fagerlid til.

Flyttar seg nordover

Vinden startar på Vestlandet søndag. Det er venta sterk storm og truleg orkan ved Stad. Måndag flyttar vindfeltet seg til fjella i Sør-Noreg.

– Så er det fare for å få tilsvarande situasjon i Nord-Noreg på tysdag. Vinden kan ta godt tak i Noreg i lang tid, seier Fagerlid.

– Korleis bør folk stelle seg til dette?

– Kraftig vind er ikkje uvanleg på Vestlandet, men det kan vere lurt å utsetje den planlagde fjellturen søndag eller måndag. Det er ikkje noko poeng å utsetje seg sjølv for fare ved å prøve å ta kule bilete. Det kan vere lurt å halde seg innandørs.

Lokale variasjonar

– Om dette blir ekstremt eller ikkje, vinden blir så kraftig at den kan gjere skade. Det er all grunn til å vere forsiktig, legg han til.

På grunn av vindretninga er det venta lokale variasjonar. I all hovudsak ser dei mest folketette områda til å sleppe unna den sterkaste vinden.

– Vi har sett det før: Ei bygd kan ha veldig rolege vindforhold, medan nabobygda kan ha veldig kraftige vindkast. Det er aldri godt å vite kvar den sterkaste vinden kjem, avsluttar han.